Sunnfjord kommune sin visjon: «Saman blir vi drivande gode»

VISJON: Ein visjon skal vere eit draumebilde av ein tilstand – eller situasjon som ein kan oppnå, skriv artikkelforfattaren. Han lanserer denne visjonen for Sunnfjord kommune: Tindrande bre – brusande foss – glimande fjord – inni æva! Bildet er frå Førdefjorden

VISJON: Ein visjon skal vere eit draumebilde av ein tilstand – eller situasjon som ein kan oppnå, skriv artikkelforfattaren. Han lanserer denne visjonen for Sunnfjord kommune: Tindrande bre – brusande foss – glimande fjord – inni æva! Bildet er frå Førdefjorden Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette «uttrykket», eller påstand blei i veke 51 presentert på min arbeidsplass som Sunnfjord kommune sin visjon. Vi blei bedne om å reflektere over kva positiv verknad visjonen kan ha på individuelt plan, på kollegiet og på arbeidsplassen. Visjonen var frå før ukjend for kollegiet. Den er ikkje blitt utvikla i ein prosess, der vi tilsette i kommunen eller innbyggjarane saman er blitt invitert til å bidra. Det er kanskje difor den er blitt så drivande dårleg.

Ein visjon skal vere eit draumebilde av ein tilstand – eller situasjon som ein kan oppnå. Visjonen skal vere samlande og gi inspirasjon og energi til felles innsats mot dette høgverdige målet. Ei verksemd kan ha ein visjon, også privat kan ein ha visjonar . . til dømes kan visjonen, eller draumen, vere at ein gong skal ein kunne sitje på eigen hyttetram ein mild aprilkveld og sjå på solnedgang i horisonten.

Den visualiseringa vil kunne gi næring og energi til pengesparing – og den vil kunne samle heile familien til felles innsats.
Smak så på påstanden «Saman blir vi drivande gode» ... eit platt, visjonslaust og sjølvfølgjeleg utsegn, utan språkleg og innhaldsmessig spenst og utan kraft til å skape eit godt og talande indre bilde ... – unnskyld forresten, ein har drista seg til å bruke kraftuttrykket «drivande».

Angsten for at vi ikkje skal dra saman i den nye kommunen, ligg under og skuggar som ei tung førdeskodde. Men trauma mange blei påførte ved samanslåinga vil nok lækje seg – alt anna er å undervurdere folk. Vi skal i alle fall ikkje, i ein visjon for kommunen, strø salt i såra ved å minne om det vonde ... Dessutan er vi vel gode – då blir det feil å bruke verbet å bli?

Eg veit ikkje kven som har vore ordsmed for denne visjonen – ei heller veit eg korleis prosessen som ligg bak dette åndsverket har vore. Så, når eg er stor i kjeften og glefser, så er det litt «i lause lufta». Eg vil berre unngå at vi igjen blir gjort så skammeleg til latter, slik vi blei då vi påførte oss «varaordførar-skam».

Eg vil at innbyggjarane og dei tilsette i kommunen skal få høve til å delta og bry seg om dette «skaparverket» – viss dei vil. Nokon meiner nemleg at slikt ordkløyveri berre er noko fjas – det synet må ein ha respekt for. Sjølv meiner eg at ein god og samlande visjon kan ha verdi – både sjølve skaparprosessen og slik visjonen endeleg blir sjåande ut.

Så difor skal eg legge «Haudet på hoggestabben» og kjem no med forslag til ein god visjon:

Tindrande bre – brusande foss – glimande fjord – inni æva!

Kvifor er dette ein god visjon?
Den ber i seg visjonen om at vi må stogge den globale oppvarminga, slik at vi stoppar smeltinga av breane våre – at reint vatn må renne i elvane våre og at fossane skal forsyne oss med grøn energi og rikdom – at fjorden skal til all tid skal ligge der rein og rik på liv og dyreartar, til glede for oss alle og for framtidige generasjonar.

Språkleg er den biletleg og så korthoggd som mogeleg – difor eintalsform. Visjonen passar også til logoen for Sunnfjord kommune. Den store visjonen er at vår kommune skal bidra til å berge kloden for våre etterkommarar.

Eg utfordrar avisa Firda til å gjere noko med dette – skape lesarengasjement og få det breie publikum til å komme med forslag til visjon ... I alle høve må vi innbyggjarane samle oss i ein massiv protest mot den inkjeseiande visjonen som ligg føre. Lukke til!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags