Sunnfjord kommune er sin eigen herre

Er Sunnfjord kommune bunden av den Intensjonsavtalen, som dei fire gamle kommunane lagde seg imellom i 2015? spør Páll Helgi Hannesson (Raudt) i dette lesarinlegget.

Er Sunnfjord kommune bunden av den Intensjonsavtalen, som dei fire gamle kommunane lagde seg imellom i 2015? spør Páll Helgi Hannesson (Raudt) i dette lesarinlegget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Raudt Indre Sunnfjord (RIS) stilte eit vanskeleg, men viktig spørsmål på siste kommunestyremøte, 14.10.2020. På agendaen stod ein politisk verkstad knytt til kommuneplanen sin samfunnsdel, og kommunestyret drøfta temaa arealstrategi og FN sine berekraftsmål. I sakspapira stod det at i planprogrammet for kommuneplanen sin samfunnsdel 2020-2032, er det lagt til grunn at planarbeidet skal byggje på: "Intensjonsavtalen til Sunnfjord kommune, visjonen og verdiane til Sunnfjord kommune , og berekraftsmåla til FN.» Spørsmålet RIS stilte var enkelt: er Sunnfjord kommune bunden av denne Intensjonsavtalen, som dei fire gamle kommunane lagde seg imellom i 2015?

For å forstå kvifor dette spørsmål er så viktig, må vi sjå på kva som faktisk står i intensjonsavtalen, og korleis han har vorte brukt av fleire politikarar i kommunestyret. Bortsett frå den ynskjelista som er å finne i avtalen, der kvar enkelt kommune dyttar fram sine ønske om idrettshallar o.s.v., finn vi tre avgjerande klausular som, om dei er bindande, kjem til å forme framtida til Sunnfjord kommune på ein måte som er uakseptabel for det nye, suverene kommunestyret.

1. «Vi er samde om at alle juridisk bindande planar vert overført til den nye kommunen og gjort gjeldande.» Allereie her er Sunnfjord kommune på tynn is: Skal dette tolkast slik at for eksempel alle avtalar som Naustdal kommune har gjort med Nordic Mining, og som godkjenner selskapets sine planar om sjødeponi, må stå til evig tid same kva Sunnfjord kommunestyre bestemmer? Om dette er ei sak dei gamle kommunane kunne vere «samde om», så kan det nye kommunestyret i ein ny kommune, bli samd om noko anna.

2. «Dei prioriteringane som er gjort i kommunane sine godkjende årsbudsjett, økonomiplanar, kommuneplanane sin samfunnsdel og arealdel, og planstrategi skal vidareførast i ein ny kommune.» Om denne klausulen skulle vera bindande, så hadde oppgåva til kommunestyret , å legge planar for kommunen dei komande 12 åra, allereie vore bestemt på førehand: å lappa saman alle dei ulike planane dei gamle kommunane hadde i 2015, og å vidareføra dei. Dermed ville Sunnfjord kommunestyre vore sett ut av spel som politisk aktør.

3. «Når ein no går saman i ein ny kommune, skal den nye kommunen arbeide for å realisere samtlege strategiar for næringsutvikling som den einskilde kommune har vedteke.» Skal vi tru at Sunnfjord kommune er bunden av dei gamle kommunane sine strategiar for næringsutvikling? Skulle dette bety at Sunnfjord kommunestyre, til dømes, er tvinga til godta mineralstrategien til Naustdal til punkt og prikke, inkludert det omstridde Mineralrådet? Eller står dette kommunestyret fritt til å leggje eigne planar om eiga framtid?

Svaret frå kommunedirektør Ole John Østenstad var klinkande klart: Det nye «…kommunestyret er heilt suverent til å gjere vedtak for den nye kommunen.» Dette er svært viktig å få med seg: No kan visse kommunepolitikar ikkje lenger prøve seg på å umyndiggjere Sunnfjord kommunestyre med å vise til det som står i intensjonsavtalen, som om alt som står der er siste ord i saka. Avtalen er, som kommunedirektøren peikte på, ein politisk intensjonsavtale, og er ikkje på nokon måte juridisk bindande. Konsekvensane er store: Sunnfjord kommune kan sjå bort frå alle dei «juridisk bindande» avtalane som dei gamle kommune kan ha laga. Sunnfjord kommune kan og skal, til dømes, sjå bort frå næringsstrategien til Naustdal, inkludert mineralstrategien, som var laga først og fremst for å leggje til rette for interessene til Nordic Mining. Kommunen skal lage sin eigen næringsstrategi, uavhengig av dei strategiane dei gamle kommunane har laga. Sunnfjord kommune og kommunestyre er sin egen herre, og kan og skal forma si eiga framtid.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken