Grådige og perspektivlause BKK-eigarar

PÅ ALVOR: Eg fekk fiber via Enivest i haust. Og hadde ikkje hatt det, og ville kanskje aldri fått det, om BKK hadde blitt styrande her i fylket tidlegare. Difor bør uroa til dei tilsette i Enivest som Firda omtalar takast alvorleg, skriv artikkelforfattaren. På bildet: PåChriss Are Farsund er tillitsvald for 17 Enivest-tilsette som er organiserte i EL og IT-forbundet. Thomas Mowatt (til høgre) er tillittsvald for 15 Enivest-tilsette som er organiserte i NITO.

PÅ ALVOR: Eg fekk fiber via Enivest i haust. Og hadde ikkje hatt det, og ville kanskje aldri fått det, om BKK hadde blitt styrande her i fylket tidlegare. Difor bør uroa til dei tilsette i Enivest som Firda omtalar takast alvorleg, skriv artikkelforfattaren. På bildet: PåChriss Are Farsund er tillitsvald for 17 Enivest-tilsette som er organiserte i EL og IT-forbundet. Thomas Mowatt (til høgre) er tillittsvald for 15 Enivest-tilsette som er organiserte i NITO. Foto:

Av
DEL

Meiningar «Venstre mener byrådet får Bergen kommune til å fremstå som en grådig og perspektivløs eier, og krever bredbåndssatsing fremfor kortsiktig utbyttefest. At byrådet i Bergen vil finansiere lavere eiendomsskatt ved å tappe BKK for midler, er både kortsiktig og egoistisk. Bergen og Hordaland har mer behov for fiber enn en kortsiktig utbyttefest».

Dette sitatet er henta frå ein artikkel frå 2009, signert Lars-Henrik Paarup Michelsen i Bergen Venstre.

Eg fekk fiber via Enivest i haust. Og hadde ikkje hatt det, og ville kanskje aldri fått det, om BKK hadde blitt styrande her i fylket tidlegare. Difor bør uroa til dei tilsette i Enivest som Firda omtalar takast alvorleg. Eg har litt bakgrunnskunnskap sidan eg nokre år frå midten av 1990-talet dreiv dataverksemd. Og gjekk i frustrasjon over monopolisten Telenor inn som aksjonær i det lokale selskapet Jølster Breiband for å forsere utbygging. Til det vart kjøpt opp av Enivest i 2009. Innleiingssitatet er også frå 2009.

Ola Bergheim

Ola Bergheim Foto:

Som det har kome fram i media har BKK hatt så dominerande plass i Hordaland at det ikkje har blitt noko fylkesselskap som SFE. I staden lokal utdelinga av fylket sine kraftverdiar til kommunane. Mest til Bergen. Bergen kommune kunne difor i tre omgangar 1996–2002 selje kraftaksjar for heile 5 milliardar, og let Statkraft kjøpe seg opp til 49,9 % eigardel i BKK. Salsverdien no 20 år etter ville vel vore 10–20 milliardar. Greitt å ha i mente i høve til alt bråket rundt Sogn og Fj. sine kraftaksjar i SFE med noverdi rundt 2–3 milliardar.

Bergen kommune og Statkraft valde i 2009 å stogge BKK sine planar om breiband/fiber-utbygging både i Bergen og Hordaland. Dei 16 mindre eigarkommunane protesterte til inga nytte. Statkraft tok milliardar til utanlandssatsing. Bystyret prioriterte halvering av eigedomsskatten frå 2009 og tok den heilt vekk i 2012. Vi ivrige avislesar hugsar bilete av gravstøtte i bystyresalen med «Eiendomsskatt hvil i fred»: Og at byrådet og Huseiernes Landsforbund feira at dei var kvitt eigedomsskatten med champagne, kaker og fyrverkeri på Hotel Norge.

I 2014 var kassa tom og dei blå bystyrepartia måtte med gråt og tenners gnidsel og protestar frå Huseiernes Landsforbund til med eigedomsskatt att frå 2015.

Stavangerselskapet Lyse hadde «gønna på» med breibandutbygging i Rogaland medan BKK fekk bremsene på. Resultatet vart summert opp av NRK Hordaland 10.3.2014 under overskrifta «En sinke i fiberutbyggingen».

«Under 20 prosent av innbyggerne i Hordaland har mulighet til å få den høyeste hastigheten på Internett. I Rogaland kan nærmere 70 prosent få det»

Bystyret tillèt då aller nådigast BKK å kome i gang att gjennom selskapet Bergen Fiber – når rogalandske Lyse stilte med 85 % av kapitalen.

Farsen var ikkje slutt: I 2015 hadde både Computerworld og IKT-Norge hovudristande artiklar om at rettnok tillèt byrådet no meir breibandutbygging – men innførte samtidig graveavgifter i Bergen på det mangedoble av alle andre kommunar i landet. Slik at utbygging i sjølve Bergen stogga nærast opp.

Bystyret forsvarte likevel hardnakka sin handlemåte. Eg tok no i dag ein liten faktasjekk av finansbyråd Liv Røsland sin 2014-uttale til NRK om at:

«– Vi så ingen grunn til å gamble med arvesølvet. Det ser vi fremdeles ikke. BKK har over de ti siste årene gitt 9 milliarder i utbytte til eierne. Eierne i Lyse har fått under 7,5 milliarder sidan 1999. Det viser at den strategien var veldig riktig, sier Røsland.

– Var de vågale i Stavanger og Sandnes som satset på fiber?

– Ja, det mener jeg. Og jeg konstaterer også at de har gjort store investeringer som de aldri kan komme seg utav. De sitter på en hest de ikke har råd til å gå av, beskriver Røsland.»

Lyse vart oppretta som regionsselskap for 16 kommunar i Sør-Rogaland i 1998. I fylgje «Styrets melding til eierne 2019» har utbyttet til dei 16 eigarkommunane 1999–2018 har vore 11,2 milliardar. Altså fullt på høgd med BKK, og aksjeverdien er tredobla. Fibersatsinga har gitt oppdrag og produkt og mogelegheiter utover deira eige område og er no ei av deira største inntektskjelder. Då dei gjekk inn i breibandsatsinga tidleg på 2000-talet, hadde dei stor gjeld. Den er nesten sletta, i tillegg til utbyttet på 11,2 milliardar.

Interessant for oss i bygdene både i Hordaland og Sogn og Fjordane er og opplysninga om at det var Lyse i samarbeid med NTE (Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk) som utvikla konseptet «bygdefiber». Der ein mobiliserer ulike grave- og finansieringskjelder og får til utbygging også i kommersielt lite lønsame område.

Lyse skriv at det ved skipinga i 1998 var drøftingar om sal til t.d. Statkraft. Men at dei i staden gjekk motsett veg og skreiv inn i vedtektene at berre kommunar kunne vere aksjonærar. Også i Nord-Trøndelag valde fylket å halde fram som eineeigar. Og har som vi veit no delt ut alle fylket sine aksjonar til eigarkommunane før samanslåinga med Sør-Trøndelag.

Bystyret i Bergen selde derimot 49,9 % av arvesølvet til Statkraft i Oslo. Og desse to med over 80 % av aksjane har altså gjennom sitt eigarskap i BKK medvite brukt opp Hordaland sine kraftmilliardar på kortsiktig utbytte- og skattefest. I staden for som Lyse og Rogaland og NTE og Nord-Trøndelag å skape milliardar i meirverdi både for eigarar og innbyggarane utanfor bymurane.

Styreleiar i SE Arvid Andenæs hevdar i Firda at han gjennom sine forhandlingar har endra BKK frå å vere eit Bergens- til eit Vestlandsselskap. Eg har stor respekt for hans evner. Men nokon ny Jesus trur eg ikkje han er. Ansvarlege politikarar bør nok heller gå ut frå at Venstre sin 2009-karakteristikk om «grådige og perspektivløse BKK-eiere» er ein kultureigenskap. Og sikre Enivest mot framtidig slakt. Dei bør og lese forskar Yngve Nilsen sin artikkel «Kommunal melkeku, regional kraftfilial eller lokalt lokomotiv? Kraftselskapet BKK etter kraftliberaliseringen» i tidsskriftet Heimen 2–2018.






Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags