Fusjonen mellom BKK og SE. Sjakk eller sjakk matt!

SJAKK MATT: Fram til no har det vore eit spel, kanskje likt eit sjakkparti der brikker har vore flytta av begge partar med tanke på å vinne partiet. I dette partiet har det så langt vore basert på vinn/vinn mellom partane. No meiner eg at kommunane er sjakk matt, skriv artikkelforfattaren på bildet Arvid Andenæs og Jannicke Hilland (konserndirektør i BKK).

SJAKK MATT: Fram til no har det vore eit spel, kanskje likt eit sjakkparti der brikker har vore flytta av begge partar med tanke på å vinne partiet. I dette partiet har det så langt vore basert på vinn/vinn mellom partane. No meiner eg at kommunane er sjakk matt, skriv artikkelforfattaren på bildet Arvid Andenæs og Jannicke Hilland (konserndirektør i BKK). Foto:

Av
DEL

Debatt

I månader har det pågått eit «spel» om eigarsituasjonen i kraftsbransjen i vår del av fylket. Først var det tale om fusjon mellom SFE (Sogn og Fjordane Energi) og SE (Sunnfjord Energi).

Den blei effektivt skoten til bakken av BKK (Bergenhalvøens Kommunale Kraftverk) som brukte eigarmakta si til å hindre den fusjonen. BKK som stor eigar i begge selskapa gav be skjed gjennom avisa Firda i eit intervju med kommunikasjonsdirektøren. Samtidig flagga kommunikasjonsdirektøren at ein fusjon mellom BKK og kraftselskap i den nye Vestland fylke var interessant og SE var vel spesielt nemnd som av stor interesse.

I starten var vel det ei lunken haldning til ein fusjon mellom BKK og Se frå SE si side, men etter kvart som partane har forhandla, har det blitt meir og meir klart at dei etablerte aksjonæravtalene var av stor interesse for alle dei involverte partar på operativ side. Fleirtal av dei tilsette, administrasjonen og styret går inn for ein fusjon. Den einaste parten som har vist skepsis til fusjonen slik eg tolkar det, er Enivest sine tilsette. Etter det eg veit er vilkåra for Enivest vesentleg forbetra i gjeldande aksjonæravtalen og no utan tidsavgrensing.

Ordførar Grotle har med dette bakteppet uttalt at dersom eigarane no skal seie nei, må det vere tufta på gode og dokumenterbare grunnar. Eg er veldig samd med Grotle i dette.

Kva er positivt med fusjonen?

  • Vi blir del av ein større og meir slagkraftig kompetanseorganisasjon-/selskap.
  • Vi får tilført fleire ny arbeidsplassar til regionen (25 - 40 stk.)
  • Dagens arbeidsplassar synest å vere sikra.
  • Vi får etablert spesielle kompetansemiljø retta inn mot bransje som er tung i Sogn og Fjordane.
  • Vi får tilført eit eingongsbeløp på NOK 60 millionar ved fusjon.
  • Vi får, så lenge markedet er som no, eit utbytte som er på nivå eller truleg større enn det utbytte ein kan hente ut i dag.
  • Om utbytte skulle bli lægre enn i dag så er det likevel ein realitet at området, du og eg og næringslivet som er nettkundar i SE vil årleg spare omlag NOK 70 millionar på lægre nettleige.
  • Er samd med Firda sin redaktør. Vi må vere litt offensive og ha tru på oss sjølve.

Vi ønskjer oss eit næringsliv som er internasjonalt retta medan vi er livredd våre næraste grannar og snart samfylkingar.


Kva kan så vere negativt med fusjon?

  • Ja, vi misser den lokale råderetten. Den er jo bra så lenge selskapet er i eit positivt marked, men kva om marknaden skulle bli dårleg, rentene høge og eigarane må inn med meir kapital for å halde selskapet flytande. Kor skal dei midlane takast frå? Nærliggande er at vi som innbyggarar må enten betale gjennom auka eigedomsskatt eller sterkt reduserte tenester frå kommunen, altså på området som er kommunen sitt primærområde.
  • Likar lite at BKK er ein aktør på utbygging av vindkraft, men det vil dei vere uavhengig av om SE er ein del eller ikkje og kanskje er det lettare å påverke det innanfor enn utanfor.

Kvifor er eg så sikker på at ein fusjon er positiv for både SE, eigarane, dvs. oss som er innbyggarar i kommunane og sjølvsagt også oss som kundar av SE?

Eg har til liks med mange andre vore positivt avventande og delvis vore glad for at eg slepp å ta avgjerda i saka. Det som klart vippa meg over på eit klart ja til fusjon var dei siste opplysingane i Firda om Hyllestad kommune sin tankar rundt eventuelt å gå i forhandling med BKK.

Fram til no har det vore eit spel, kanskje likt eit sjakkparti der brikker har vore flytta av begge partar med tanke på å vinne partiet. I dette partiet har det så langt vore basert på vinn/vinn mellom partane.

No meiner eg at kommunane er sjakk matt.

Seier politikarane nei til fusjon er det plutseleg høve til at BKK kan oppnå majoritet av aksjane. I ein slik situasjon er ikkje kjøpar forplikta til å oppfylle dei avtalepunkta som er skissert ovanfor. BKK har ein avtale med Fjaler dersom nei. Den er avtalt til ein pris på NOK 160 millionar. Om denne avtalen kan reforhandlast veit eg ingenting om. Med Hyllestad har BKK ingen avtale i dag og teoretisk kan dei, om lysta til å komme i ein majoritetsposisjon er stor nok, presse prisen på aksjane kor høgt som helst. Eit kjøp for kommunane kan såleis bli kostbart.

Eg meiner den omtalte prisen i media for Fjaler og Hyllestad sine aksjar er høg allereie. NOK 260 millionar forutsett at prisen på Hyllestad sine aksjar blir som for Fjaler. Rådmann Østenstad i kommande Sunnfjord kommune har vel uttalt at han får vondt i magen berre ved tanken på så store summar. Det er nærast uansvarleg av kommunane å bandlegge så mykje midlar for å behalde lokalt eigarskap på eit næringsselskap som pr i dag går godt, men som ingen kan sei sikkert vil gjere det inn i eva.

Vi som innbyggarar i kommunen og kundar av SE kan bli røva stor forretningsmessige moglegheiter, NOK 70 millionar i redusert nettleige og i verste fall påført stor kostnader eller reduserte kommunale tenester. Politikarar, ver dykkar ansvar bevist, stem ja til fusjon.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags