Fusjon Sunnfjord Energi – BKK. Ein gåvepakke til regionen og innbyggjarane

SPARER: Den aller største fordelen med fusjonen er likevel at abonnentane til SE får same nettleiga som BKK har i sitt område. Dette betyr at SE sine abonnentar innanfor nye Sunnfjord kommune får redusert sine årlege straumkostnader med mellom kr 55-60 milllionar kroner, skriv John Helge Lunde i denne artikkelen.

SPARER: Den aller største fordelen med fusjonen er likevel at abonnentane til SE får same nettleiga som BKK har i sitt område. Dette betyr at SE sine abonnentar innanfor nye Sunnfjord kommune får redusert sine årlege straumkostnader med mellom kr 55-60 milllionar kroner, skriv John Helge Lunde i denne artikkelen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDen 15. mai gjorde styret i Sunnfjord Energi (SE) med stort fleirtal vedtak om å tilrå fusjon med BKK. Forslaget har også stor støtte blant dei tilsette i SE. Dette både fordi fusjonen sikrar vår eigarskap i viktige kraftressursar framover samt skapar mange nye arbeidsplassar i Førde.

Ja, Førde blir gjennom denne fusjonen «krafthovudstaden» i Sogn og Fjordane. Dette i større grad enn kva som hadde vore tilfelle gitt at SE held fram som sjølvstendig selskap og i alle fall i langt større grad enn kva som hadde vore tilfelle ved ein fusjon med Sogn og Fjordane Energi (SFE) på Sandane.

Eg får av og til spørsmålet om alt må fusjonerast. Svaret er nei, men i bransjar som leverer varer/-tenester som er vanskeleg å skilje frå tilsvarande produkt hos konkurrentane er det avgjerande viktig å kunne produsere det ein leverer billegast mogleg. Stordriftsfordelar blir då viktige, og på sikt står slike verksemder framfor følgande val; bli større ved t.d. oppkjøp, selje verksemda, fusjonere med andre eller gå under.

Når vi tenkjer etter er dei aller fleste store og vellykka selskapa rundt oss skapt gjennom fusjonar. Sunnfjord Energi er ein fusjon av bla. Gaular Kraftlag, YSSE og Svultingen. Sparebanken Sogn og Fjordane er fusjon av mange lokale bankar. COOP Nordvest er skapt gjennom eit utal fusjonar i dei tre fylka. Meieri-, kjøtsamvirke og Felleskjøpet er skapt gjennom eit utal av fusjonar. Svært mykje er skapt av framsynte politikarar og bønder og fusjonen av desse blir som kjent Senterpartipolitikarar.

Ein fordel med å vekse gjennom fusjonar er at ein beheld eigarskapen og ein eksponerer ikkje eigenkapital som ein gjer gjennom oppkjøp. Ei ulempe har gjerne vore at den overtakande fusjonspartnaren har sentralisert unødvendig mykje, all lokal aktivitet har blitt lagt ned osv. I det siste har eg sett gode fusjonseksempel på det motsette, dvs. at aktivitetsområde har blitt fordelt og samla på ulike lokasjonar. Dette meiner eg er avgjerande viktig i eit land som Noreg der vi treng å ha folk buande i heile landet sidan det er der våre naturressursar ligg. Eg vil her trekkje fram fusjonen av Coop Nordvest og forslaget til fusjon mellom SE og BKK. Eg synest at desse aktørane på ein svært god måte har fått inn denne framtidsretta dimensjonen i fusjonsløysingane.

Styret i SE meiner at ein fusjon med BKK er rett, sjølv om vi ikkje legg vekt på den sparte nettleiga denne fusjonen skapar for abonnentane til SE. Det er eg samd i.

Den aller største fordelen med fusjonen er likevel at abonnentane til SE får same nettleiga som BKK har i sitt område. Dette betyr at SE sine abonnentar innanfor nye Sunnfjord kommune får redusert sine årlege straumkostnader med mellom kr 55–60 mill. Noko som igjen betyr det same som at alle abonnentane til saman blir kvitt ei gjeld på minimum kr 1,5 milliard. Denne effekten kjem alt frå fusjonstidspunktet i juni 2019. Rett og slett fantastisk. For ein snitt privat abonnent betyr dette knapt 25 øre kwh i redusert nettleige eller knapt kr 5.000 i årlege sparte straumkostnader og for ein næringsdrivande abonnent sjølvsagt langt, langt meir. Ja, den nye kommunen vår, Sunnfjord kommune, vil sjølv få redusert sine årlege straumkostnader med nærare kr 4 mill. Dette dekkjer løna til 10 helsefagarbeidarar på ein sjukeheim.

Representantar frå fylkeskommunen og SFE, som ser at vi gjennom denne fusjonen får ein enorm fordel som store deler av fylket ikkje får, prøver febrilsk å argumentere mot fusjonen bl.a. ved å vise til at det går føre seg diskusjonar på Stortinget om utjamning av nettleiga.

Ja, det er rettkome og det har Stortinget jobba med i snart 30 år utan at noko har skjedd for vår del. Stortingspolitikarane er einige om målet, dvs. nettleigeutjamning, men ikkje korleis det skal skje. Hittil har eit stort fleirtalet sagt at det skal skje gjennom fusjonar og slik vil fleirtalet, slik eg ser det, også bli framover.

Leiinga i SE seier at, utan ein fusjon, vil skilnaden mellom nettleiga til SE og BKK auke framover, ikkje bli redusert. Dette bla pga. den enorme elektrifiseringa av samfunnet som vi står framfor. Realiteten er såleis at vi ikkje er på veg frå 25 øre kwh til null i skilnad i nettleiga, men på veg frå 25 øre til t.d. 50 øre. Dette gjer fusjonen med BKK både endå meir rett og nødvendig.

Eg er såleis trygg på at Førde bystyre tilnærma samrøystes vil støtte opp under denne fusjonen. Ein fusjon som er framtidsretta både for vår eigarskap i vasskraftressursane, for arbeidsplassane og for å gjere Førde til «krafthovudstaden» i Sogn og Fjordane. Eg vil også tru at våre lokalpolitikarar set pris på nærare kr 4 mill. å bruke årleg i framtidige stramme kommunebudsjett. Våre lokalpolitikarar vil naturlegvis heller ikkje finne på å påføre folk flest kr 5.000–10.000 i høgare årlege straumkostnader framover enn nødvendig. Ein større gåvepakke for regionen og abonnentane enn denne fusjonen er det nemleg umogleg å tenkje seg. Stor takk til administrasjonen og styret i SE for godt utført arbeid.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags