Russisk rulett med vasskraft?

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Overskrifta til Rune Nydal i Firda tysdag kan tyde på at styre og leiinga i Sunnfjord Energi verken forstår sitt eige, kundane eller eigarane sitt beste. Det kan sjå ut som vi er uansvarlege og spelar høgt med evigvarande ressursar som er fellesskapet sin eigedom. Slik er det ikkje. Ingen skal vere i tvil om vår tru på offentleg eigarskap og styring med kraftressursane, vårt ønske om lokal verdiskaping og nye arbeidsplassar.

Slik vi kjenner Rune Nydal er han ein klok mann med sterkt engasjement, ikkje minst for energisektoren. Difor er det også verdt å lytte til hans synspunkt og ta hans innspel på alvor. Så håpar vi også på forståing for at det kan vere nyansar i korleis eit avisreferat kan oppfattast i forhold til kva som blir sagt og drøfta i eit møte med politikarar. Derfor synest vi også at hans påstand om at vi feilinformerer er vel dryg.

Prisutvikling
Nydal gjer eit poeng ut av at straumprisen har gått opp frå 2015 til 2017. Det er heilt rett. Men det er eit faktum at prisen på straum er halvert sidan toppåret 2010. Reduksjonen er vel 40 prosent om ein tek eit snitt av åra frå og med 2006 til om med 2013. Med unntak av ein oppgang frå 2015 til 2016 så har det vore ein nedgåande trend dei siste fem åra. Prognosane for åra framover er usikre, men konklusjonen til Bengt Haugnes i SFE under Kraft i Vest på Sandane førre månad, var at vi vil ha ein periode med låge kraftprisar men at det er ei oppside på sikt.

Alternative energikjelder
Det er også eit faktum at fornybar energi frå sol og vind veks fortare enn kva nokon hadde venta. Kostnadane med å framstille den går også ned og gjer det meir aktuelt for fleire å ta det i bruk. Ikkje minst ser vi dette sentralt i Europa og England, marknadar som norsk kraftbransje gjerne vil eksportere si overskotskraft til for ein god pris. Når vi skal ta investeringsavgjerder i Sunnfjord Energi, og i andre energiselskap, så må vi ha eit perspektiv på minst 25 år. I ein slik tidshorisont er det meste usikkert. Det einaste som er sikkert er at alternative energikjelder vil vekse fram og at den teknologiske utviklinga vil støtte opp under kostnadseffektive løysingar. I eit slik perspektiv har vi også våre ord i behald om at marginane, også på fornybar norsk vasskraft, vil bli pressa.

Stor eller liten
Vi har heller ikkje tru på at det å bli større løyser alle utfordringar. Som eit fusjonert selskap vil SE/SFE framleis vere små, men likevel mellom dei 10–12 største produksjons- og nettselskap i landet. Det gir oss ein sterkare posisjon i bransjen. Men vårt viktigaste poeng med ei samanslåing er å bli sterkare, dyktigare og meir kostnadseffektive. Vi vil framleis vere lokale med ståstad og eigarskap i eige fylke. Vi trur oppriktig på at det å samle dei gode ressursane vi i dag har i dei to selskapa vil vere ein god ide for å stå sterkare i kampen om å ikkje berre overleve, men utvikle oss som aktør i ein viktig bransje. Vi trur at samla har vi større sjanse til å ta vare på det offentlege og lokale eigarskapet. Lønnsemd og effektivitet blir nøkkelord uavhengig av type eigarskap om ein skal overleve i framtida.

Eigarskap
Ein kraftprodusent kan ikkje ha eit større innslag av privat eigarskap enn ein tredjedel. Men det er sjølvsagt også forskjell på offentlege eigarar. For oss er lokale kommunar og fylkeskommunen sitt eigarskap det rette. Ikkje til dømes Eco Energi som er eigd av Oslo kommune. Samtidig har både SFE og Sunnfjord Energi ein stor eigar som heiter BKK, som heilt rett er eigd 49,9 % av Statskraft. Denne aksjeposten er i spel og skaper uvisse også inn mot eit framtidig fusjonert selskap her i fylke. Så må vi legge til at BKK har vore ein god aksjonær for oss og har eit sterkt engasjement for Vestlandet i alt dei gjer. Det er eit godt utgangspunkt for å ha ein god, open og konstruktiv dialog med BKK.

Den andre store uvissa er kva regionreforma gjer med fylke sin aksjepost i SFE, ei bekymring Helge Robert Midtbø adresserte i møte med oss. Vårt utgangspunkt er at dette vil bli løyst før vi tek noko avgjerd om fusjon. Det vi no gjer er å greie ut grunnlaget for ei god industriell løysing som gir oss eit sterkare selskap med sterkare forhandlingskraft.

Prosess
Slike prosessar er vanskelege. Vi snakkar om fleire hundre tilsette som vil få endringar i kvardagen. Dette skaper uvisse. Som styre og leiing har vi stor respekt for det. Men det er viktig å huske på at det å ikkje gjere noko, men halde fram som før er også ei avgjerd med konsekvensar. Arbeidet i prosjektgruppene og samarbeidet med dei tillitsvalde har vore godt. Derfor er vi også optimistiske med tanke på å komme fram til ei god tilråding til dei respektive styra når så langt kjem. Men i siste omgang er det eigarane som bestemmer. Det vil seie at både styre i BKK, dei respektive kommunestyra og fylkestinget må tru på dette. Vi har langt igjen, men det er ein offensiv og rett prosess.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags