Pasientreiser – før og no

Av
DEL

LesarbrevI seks år har eg – som utkantbuar i Stryn kommune – hatt fastlege ved Eid legesenter.

Den nye «Panoramavegen» har æra for det. Til Stryn legesenter er det 32.5 km, til Eid legesenter 25km. (Begge distansar etter km-tellarmål frå min bustad i Hoplandsvegen 109).

I alle desse åra har oppgjer etter kilometersats kome inn på min konto, men i dag var det endring. Eg ringde Pasientreiser.no og snakka med ei dame. Eg spurde kvifor eg hadde fått oppgjer ut frå 23,4 km kvar veg. Nye reglar, for eg søkte lege utanfor min kommune, fekk eg vite.

Eg skulle ha oppgjer etter reise til Stryn legesenter 23.4 km kvar veg, og reduksjon i oppgjer kom av at eg søkte fastlege utanfor eigen kommune. Forgjeves peika eg på at det var ikkje berre 23,4 km til Stryn, og om eg hadde hatt fastlege i Stryn, ville reiserekningane bli dyrare, og at turen til Eid legesenter sparte Pasientreiser.no for kr 35 (tur/retur) for kvart legebesøk.

«Vi nyttar Statens kartverk for utrekning av veglengd», svara dama. «Men du kan klage på vedtaket», trøysta ho meg med.

Utan å ha kome til ei løysing på problemet, kunne eg berre ønske dama god jul, og eg fekk same gode ønske i retur.
35 kroner er ikkje all verda, men om «systemet» blir for «upersonleg» og det i tillegg blir fleire endringar som gjer det vanskeleg å nå fram, blir det eldre menneske som vert ståande att som taparar. Men kva gjer det så lenge vi har ein «verdig alderdom»?



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags