Straumprisar, nettleige og bortforklaringar

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevEg las i Firda at det kostar mindre å sende ein kW til Oslo enn å sende det til nærmaste abonnent?

Kva er logikken i dette eigentleg. Dersom eg bur 100 meter frå kraftstasjonen er den eine 1 kW-timen altså nesten dobbelt så dyr som ein 1 kW som blir sendt 500.000 meter? Ja, er ikkje dette fantastisk? Dette skulle eg ha likt å sjå ein eller anna dokumentasjon på.

Det er greitt at her på Vestlandet er det vanskeleg å få fram linjenett til husstandane, men no er det ein gang slik at mange av desse linjene vart bygt på 50-, 60- og 70-talet. Sidan har det vel vore ein del vanleg vedlikehald, er det ikkje vedlikehald på linjene som går ut av fylket? eller er vi med og betalar dette også? Eg meiner at vi som må betale ein stor del av inntekta vår for å halde lunk i ein panelomn og ein varmtvannstank, og kanskje koke oss litt mat av og til, burde sende inn eit unisont nei til dette våset.

Utnyttings-politikk kallar eg sånt for. Først skal du betale mykje pengar til å halde deg med drivstoff for å kunne arbeide, og ha ei inntekt for å få pengar til dette, so skal vi altså skvisast fordi dei som styrer og eig desse selskapa skal levere straum til oss. Fy flate seier eg.

Eg er no ei enkel sjel som har ein enkel og rettferdig tankegang, men å bygge desse overføringslinjene var vel ikkje gratis det heller. Burde ikkje dei som nytta desse linjene også bidra med litt meir. Eg kan sjå at det er mykje meir folk austanfor, kanskje det då burde vere rett at også dei bidreg?

Til slutt vil eg oppfordre desse tåkefyrstane og talkunstnarane til å komme med ei korrekt og sannferdig utrekning, der dei kan dokumentere kvifor det kostar meir her i produsentfylket.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags