«Burde ikkje straumnettet vere ein like stor del av vår felles infrastruktur som vegnettet?»

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevEg har ein ide!

Det har eg sagt mange gonger. Berre spør dei som kjenner meg. Det er slett ikkje alltid andre deler min optimisme, men denne idéen har eg skikkeleg trua på. Eg skal prøve så godt eg kan å forklare, men det er veldig viktig at du heng med heilt til slutt. Det er først då du får sjå kor lurt det er, det eg har tenkt ut. Visst ikkje du vil lese alt er det best du sluttar å lese akkurat no.

Alle som har bil veit at det er to ting ein treng for å kunne bruke den – drivstoff og ein veg. Storparten av alle vegar er i dag eigd av det offentlege. Anten er det ein riksveg, fylkesveg eller ein kommunal veg du køyrer på. Men drivstoffet kan du kjøpe kvar du vil. Der det er billegast. Konkurranse skal ha den effekten seie dei. Underleg nok fører denne konkurransen blant leverandørane til at det er vekedagen du handlar på som betyr mest, ikkje kvar du handlar. Ikkje veit eg kvifor det er slik, men så lenge prisen varierer så må jo det bety at det er ein sunn konkurranse i marknaden som kjem oss forbrukarar til gode.

Så til sjølve ideen. Samferdsel tek ein veldig stor del av fellesskapet si kake. Kva om vi privatiserer alle vegane? Så kan staten bruke dei pengane på noko anna i staden. Det må vere mykje betre at private aktørar eig vegane og tek seg av alt det kostbare vedlikehaldet. Dei må sjølvsagt ha litt for jobben, men det kan vi ordne slik at alle som brukar vegane betaler ei avgift. Ein viss sum for kvar køyrde kilometer. Men det er jo klart at dersom eit selskap eig mange vegar, og nokon av vegane att på til skulle vere litt dårlege, så blir det veldig dyrt for dei å vedlikehalde alt. Men då kan dei berre skru opp avgifta litt, slik at dei får dei inntektene dei treng. Det må jo berre vere rett og rimeleg.

Alle vegar fører tydelegvis til Rom, men det er berre ein som fører heim til meg. Andre har nok fleire alternativ, men med mindre du bur i Rom, står du ikkje fritt til å velje. Det vil jo då sei at du må betale avgift det selskapet som tilfeldigvis eig vegen der du bur. Men det må jo berre vere rett og rimeleg.

Dersom du syns det er dyrt å køyre bil er det jo berre å redusere køyringa. Då får du mindre utgifter til drivstoff og mindre avgifter fordi du køyrer kortare. Nei forresten – det vert jo veldig urettferdig for dei som eig vegen som du no nesten ikkje brukar. Utgiftene deira til vedlikehald er nok om lag dei same som før. Det same er tilfelle dersom det bur veldig lite folk langs ein veg. Nei, det er nok best at vegeigarane i slike tilfelle kan sette opp avgifta litt til, slik at dei får dei inntektene dei treng. Det må jo berre vere rett og rimeleg.

Dei selskapa som eig vegane er gjerne aksjeselskap som pr. definisjon skal generere så mykje inntekter til eigarane som råd er. Eg ser jo at det kan slå litt uheldig ut for oss vegbrukarar. Vi må nok sette eit tak på kor mykje kvart vegeigande selskap kan tene, slik at dei ikkje skrur opp avgifta til det heilt urimelege. Eg foreslår at Statens vegvesen tar seg av denne oppgåva. Dei får jo ein mykje ledig kapasitet no som dei ikkje treng å tenke på vedlikehald. Det må jo berre vere rett og rimeleg.

Så – kva syns du? Er det ein god idé? Nei, det syns ikkje eg heller. Det hadde jo eigentleg vore heilt absurd med ei slik løysing. Men kvifor er det då ein god idé når det kjem til organiseringa av straumnettet her i landet? I dag er straumnettet eigd av private aktørar som stort sett er interessert i eit så stort overskot som råd er. I utgangspunktet ikkje noko gale med det. Problemet er berre at det her gjeld ei vare som alle må ha. Vi kan alltids velje kven vi kjøper sjølve straumen av, men ikkje kven vi skal betale nettleige til. Der er vi bundne på hender og føter, og må betale til det selskapet som tilfeldigvis eig nettet der du bur. Og prisen er avhengig av kor mange naboar du har, standarden på nettet og den går opp om du sparar på straumen.

Burde ikkje straumnettet vere ein like stor del av vår felles infrastruktur som vegnettet? Om ikkje anna så burde nettleiga vere den same uavhengig av kvar du bur, og rimeleg fastsett slik at du i alle fall ikkje må betale meir, jo mindre straum du brukar. Det syns no eg hadde vore rett og rimeleg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags