Kraftinntekter frå Vestlandet

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Kvifor skal Vestlandet auke kraftinntektene til Oslo med 500 mill. i året?

DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.På grunn av avtalen om samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar, har BKK, SFE og Hydro greidd ut felles vasskraftselskap. Dei vil i så fall få ein produksjon på 12,1 TWh.

I dag eig Statkraft 49,90 % av BKK (6,9 TWh).  BKK eig i dag 38,54 % av SFE, 37,45 % av SE og 44,44 % av Sognekraft.

Statkraft flagga i sommar i Europower att ved ein samanslåing av BKK, SFE og Hydro, ville dei selje sin del av BKK på 49,90 %. Den vil i so fall vere verdt kring 10 milliardar kr.

På grunn av reglane om heimfall og størrelsen på 10 milliard. Er det berre ein reell potensiell kjøpar av Statkraft sin det, Eco Energi som har ein produksjon på kring 13 TWh. E-CO Energi Holding AS er 100 prosent eid av Oslo kommune.

ECO vil om ein slik transaksjon skjer eige 49,90 % av BKK. På grunn av krysseigarskapen til dei regionale kraftselskapa i Sogn og Fjordane vil, vil ECO få inntektene frå halvdelen av BKK sin eigarpost.

Oslo kommune hentar i dag pr. år kring 1 milliard i inntekter pr. år, frå sitt eigarskap til kring 13 TWh av Norsk Vasskraft. Store deler av denne ligg i indre Sogn. Dei om dei overtek 49,90 % av BKK, få +3,4 TWh. Gjennom krysseigarskapet i Sogn og Fjordane 0,65 TWh. Sum ny produksjon med inntekter 4,05 TWh.

Det er grunn til å anta att om dette vert realisert vil dei årlege inntektene til Oslo kommune frå vasskraft auke med kring 500 mill. på årsbasis og utgjere totalt kring 1,5 mrd. pr. år.

Dette vil openbart vere ein god handel for Oslo kommune.

Så kan vi på Vestlandet sitte att med skjegget i postkassen. Å klage på att austlendingane stikk av med verdiane våre.

Dersom vi syter for auka inntekter for evig tid til å drifte Oslo. Bør vi ikkje i ettertid klage på det.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags