Er avfolking av utkantar ei «Fylkesmannsoppgåve»?

Kysten. Illustrasjonsfoto.

Kysten. Illustrasjonsfoto. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL
Fylkesmannen driv ein indirekte sentraliseringspolitikk!
 

LesarbrevEg må seie eg blei både forundra og forbanna då eg last hovudoppslaget i Firda, 27.08.18.

At slike saker kjem fram og vert publiserte er svært bra, så stor honnør til journalisten.

Men at ei samling statstilsette personar, som titulera seg «Fylkesmannen», skal bruke sin forstand på å stoppe tilflytting av nye innbyggjarar til ein utkant, er uforståeleg.

Når dette skjer i ei lita bygd der innbyggjarane kjempar ein hard kamp for å oppretthalde eit levedyktig samfunn også i framtida, så når det kjem tre avslag på kort tid, vert det berre trist.

Dette skreiv Fylkesmannen: Klage på vedtak om dispensasjon frå arealdelen til kommuneplanen og byggeforbodet langs sjø for frådeling av bustadtomt.

Fylkesmannen har ikkje vore på synfaring i denne konkrete saka. Utifrå flyfoto og tilgjengeleg opplysningar, ser me det ikkje som nødvendig å gjennomføra synfaring på eigedomen før klage. Saka er samla sett så godt opplyst at grunnlaget for klagevurdering er tilstrekkeleg. Frådeling av ei bustadtomt som den aktuelle nær sjøen, vil slik me ser det føra til ei meir privatisering av området og gje negative verknadar for landskaps- og friluftskvalitetar i området. Eigedomsgrensa er på det næraste oppgitt til å vera 18 meter frå sjø. (men det ligg ein innmarkseigedom mellom sjøen og tomta).

Etter vår (Fylkesmannens) vurdering er strandsona tilgjengeleg og eigna for opphald og ferdsel, og tilgjengeleg areal vil derfor bli redusert og allmenn ferdsel kan bli hindra som følge av ei oppføring av bustad her.

Vurderinga frå Fylkesmannen held ikkje mål ettersom: I innmark kan ein kvar ferdast til fots i den tid marka er frosen eller snølagt, men ikkje i tidsrommet frå 30.4 til 14.10. Jmf. Friluftslova. Men kor ofte er marka frosen/snødekt i Korssund?

At det blir meir privatisering og innskrenking av areal til allmenn opphald og ferdsel, er ein påstand det ikkje er dekning for. Etter å ha gått gjennom saka, ser ein at omsøkt bustadtomt er plassert slik at den er fullstendig omslutta av eigedommen på G/bnr. 239/5 i Fjaler, der eigedomsgrensa til gardsbruket går heilt i fjæra på sørsida, området er her inngjerda og nytta som beitemark (kulturbeite), dermed er det Friluftslova som set grenser for allmenta, ikkje bustadtomta.

Som innmark eller like med innmark reknast i denne lov: gardsplass, hustomt, dyrka mark, engslått og kulturbeite samt liknande område der allmenn ferdsel vil vær til utilbørlege fortrengsel av eigar eller brukar.

Statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen.

Alle kystkommunar i Sogn og Fjordane skal handsamast under: I område utan press. Her vil vere enklare for kommunane å gje byggeløyve, enn i område der presset er stort.

Det gjev kommunane utanfor pressområda moglegheit til å inkludere 100-metersbeltet langs sjøen i sine heilskaplege utviklingsstrategiar.

Dette har Fjaler kommune gripe tak i, det visar kommuneplanen 2014 -2025 der dei vil prioritere spreidd busetnad i fråflyttingstruga bygdelag i kommunen.

Etter mange si meining må Fylkesmannen stillast til ansvar for urett framstilling av dei faktiske forhold i saka. Vidare har dei ein tekst i klagen som blir oppfatta som trugsmål, det er der dei krev at Fjaler kommune må omgjere sitt vedtak. Dette kan ikkje stå.

Det er ikkje merkeleg at innbyggarane konkludere med at Fylkesmannen er ein trussel for lokaldemokratiet i land vårt.

Til slutt vil eg oppmode alle unge familiar som ønskjer å flytte heim til Sogn og Fjordane: Stå på – ikkje gje opp! Ikkje lat ymse byråkratar overstyre dykkar frie vilje til å velje kvar de vil bu i framtida. Ta også med at vi er mange som heiar dokke fram til målet!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags