Vern av strandsona – eit effektivt hinder for busetting langs kysten

Korssundet. Vegard Skår og Stine-Mari Myklebust har søkt om å få bygge, men har fått nei. Gunhild Berge Stang, ordførar i Fjaler, er også med på bildet.

Korssundet. Vegard Skår og Stine-Mari Myklebust har søkt om å få bygge, men har fått nei. Gunhild Berge Stang, ordførar i Fjaler, er også med på bildet. Foto:

Av
DEL

MeiningarFordi Oslofjorden og Sørlandet har bygd ned si eiga strandsone i ein slik grad at Oslo no har 1,8 kvadratmeter strandsone tilgjengeleg pr. person, får unge familiar langs kysten i dag ikkje lov til å bygge hus i strandsona, sjølv i område med 2 289,9 m2 strandsone pr. person (Fjaler/kjelde: SSB). Også Solund med sine 24 000 m2 strandsone tilgjengeleg pr. person, er omfatta av strandsonevernet, men strandsona her er ikkje definert som under press. Det var no endå godt.

Men kysten nord for Sørlandet får no svi for oslofolk og sørlendingar sin unnfallenheit. Dei har heller ikkje i seinare tid greidd å sette bremsane på i sin utbygging, og difor skal strandsonevernet ytterlegare strammast til. Kva vil det bety for kysten der strandsona mange stadar er alt ein har av tilgjengeleg jordsmonn å bygge på?

Lova skal praktiserast strengt i pressområde. Likevel smett eine byggeløyvet etter andre gjennom, og difor blir handhevinga strengare. Problemet er at det vert like strengt over alt, sjølv om lova opnar for lokal differensiering.

Fylkesmannen kan bruke skjønn i område der strandsona ikkje er under press. Det er berre det at vi ser så fortvilande lite til det, når byggesøknad etter byggesøknad frå unge etablerarar kjem i retur – med nei frå fylkesmannen. Og for kvart negativt svar, reiser nok ein ung familie mot sentrale strok. Det har vi rett og slett ikkje råd til.

I område med fleire tusen kvadratmeter strandsone pr. person burde ikkje strandsona vore eit tema. Små underbemanna utkantkommunar burde ikkje påleggast å bruke dei få planressursane dei har, på å skrive brev etter brev til fylkesmannen.

To unge familiar som vil bygge i strandsona i Hellevik har no begge fått nei frå Fylkesmannen. Den eine ville bygge i eit på 80 talet ferdig planlagt byggefelt (som av ymse grunna enno ikkje er ferdig behandla). Den andre i eit aude strekk der dei ikkje står i vegen for nokon. Begge fekk nei med grunngjeving i omsynet til friluftsinteresser og strandsone. Fylkesmannen verkar meir opptatt av potensielle framtidige badegjester, enn høgst reelle noverande unge familiar, som ønskjer å busette seg i kommunen.

Alt byggbart område i Hellevik ligg idyllisk til i eit hundremetersbelte langs innseglinga til Dalsfjorden. Resten er landbruksområde, fjell og myr. Så spørsmålet er om det går an å bygge nokon plass i Hellevik og omland? Ifølge fylkesmannen gjer det nesten ikkje det.

Som eit resultat av dette skrivebordsvedtaket frå hovudstaden, har vi no milevis med nedgrodd strandsone i Sunnfjord som kunne blitt attraktive tomter for unge familiar som ønskjer å busette seg. Men på grunn av regelverket må dei trekke 100 meter vekk. Då sitt dei ofte midt i skogen, utan utsikt fordi Noreg er i ferd med å gro ned. Ein buset seg ved kysten fordi ein ønskjer å sjå sjø. Så å sitte midtskogs utan utsikt er det jo ingen som vil. Då kan ein like godt bu i byen. Der kan ein i alle fall sjå inn til naboen, og det kan jo ha ein viss underhaldningsverdi.

Unge familiar som vil busette seg i kommunar som skrik etter arbeidskraft, bør ikkje møtast med omsynet til badegjestar som grunngjeving. Og det burde ikkje vere eit hårreisande krav å få utsikt til sjø når ein vel å busette seg langs kysten.

Ved å opne opp for utbygging i strandsona vil ein skape attraktive tomter, og bøte på fråflyttingstrend og forgubbinga som mange småkommunar slit med. Og ein ville kunne bidra til stor verdiskaping – som Oslo og Sørlandet alt har fått, men som resten av landet vert forhindra i å ta del i.

Attgrodd og uframkommeleg strandsone er lite attraktivt. Friluftsliv, bademoglegheiter og tilgjengelegheit til sjø for allmenta som Fylkesmannen er oppteken av, finn ein mest i område som er opparbeida. Utbygging av strandsona vil mange stader opne opp for nettopp ferdsel, bade- og friluftsliv ved at utbyggar vert pålagt å legge til rette for det.

Det er rom for kommunar utanfor pressområda å regulere til delvis bygging i strandsona – men ikkje nærmare enn 50 meter. Dalsfjorden ser difor merkeleg ut; mest all busetnad startar litt opp i høgda. Og det blir stadig mindre av den. I «strandsona» nedanfor er det uframkommeleg villnis, ur, kratt, heng. Samtidig heng millionvillaene tett som måkereir ut langs heile Oslofjorden. Mange av dei heilt ned i fjæra.

Det ligg i lova at ein skal ha ein differensiert forvaltning av strandsona. I praksis krev dette at små kommunar med 1–2 personar på planavdelinga til ein kvar tid må ha oppdaterte reguleringsplanar for heile kommunen. Skal nokon få bygge må desse vere i stand til på førehand å føresjå kvar det kan komme ein søknad om å bu. I ein kommune som til dømes Gulen med sine 596 kvadratkilometer, skal ein då vere særs god til å spå.

Anne Hopland.

Anne Hopland. Foto:

Dersom for stor privatisering i Oslofjorden og langs Sørlandskysten er det eigentlege problemet, kvifor ikkje starte med å gjere noko med det? Og elles la kystkommunar utanfor pressområda bestemme sjølv korleis dei vil nytte sitt eiga areal. Pålegg gjerne kvar kommune å bandlegge ein viss prosent av strandsona til allmenne friluftsføremål, eller til fugle – og dyreliv. Resten må dei kunne bruke til det dei treng områda til for å sikre fast busetnad, fritidsbusetnad og tomteareal for ulike typar næring. Det er etter mitt hovud sunn fornuft og forsvarleg forvaltning.

Er ikkje sunn fornuft lov lenger, kan løysinga vere å rive alt som er bygd i strandsona rundt Oslofjorden og langs Sørlandskysten. Det er i hovudsak dette som har skapt problemet, og riving her ville truleg løyst det. Då ville kanskje Oslo hatt litt meir enn 1,8 meter strandsone pr. innbyggar. Men det vert sikkert ikkje bli oppfatta som rettferdig. Og heilt sikkert ikkje som sunn fornuft. Korkje av fylkesmannen, eller av dei som bur der. At unge folk i grisgrendte område ikkje får bygge fordi dei kan komme til å sjå sjø; det er derimot til å leve med. Forstå det den som kan.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags