Strandsona – ein verdi for alle

Strandlinje.

Strandlinje. Foto:

Av

– Kvart stykke er ikkje alltid så viktig, men det samla tapet vert stort om ikkje nokon passar på i kvart tilfelle, skriv Erik Solheim.

DEL

MeiningarKlagen frå fylkesmannen på vedtaket i Fjaler om å gje dispensasjon frå byggjeforbodet i strandsona har vekt mange reaksjonar. Naturvernforbundet har ikkje vurdert og meint noko om den konkrete saka. Men nokre av innlegga reiser spørsmål som er meir generelle.

Forbodet mot bygging i 100-metersbeltet langs sjøen og vassdrag er strengt. Regelen i plan- og bygningslova, § 1-8, set forbod mot andre tiltak enn fasadeendringar. I 100-metersbeltet krev lova særlege omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. Det er altså ikkje berre ferdselsretten det er snakk om, men verdiar i naturen og kulturminne. Stortinget meiner dei er av allmenn interesse; dei er av verdi for folk flest, og skal vere det lenge. Tiltakshavaren og lokale politikarar må då føye seg etter slike omsyn. 

Det er gjennomgangstonen i alt av miljølovverk at vedtak om løyve til inngrep og andre tiltak krev omsyn til andre enn dei som ønskjer tiltaket gjennomført eller har direkte nytte av det. Slik er det i naturmangfaldlova, lov om ureining og kulturminnelova. Miljøinformasjonslova gjev allmenta rett til opplysningar om korleis det dei driv med verkar på naturen, kulturverdiar og kulturminne. Våre naturgode skal vere for alle. 

Fylkesmannen skal, som statens representant, sjå til at kommunale vedtak er i samsvar med lovene for vern og forstandig bruk av naturgode. No og då vert fylkesmannen og kommunen ståande som motpartar. Då er ofte innvendinga frå kommunen at fylkesmannen handlar i strid med lokaldemokratiet. Statlege byråkratar får sitt pass påskrive med påstandar om at dei set seg opp mot viljen lokalt. Det er deira oppgåve når kommunale vedtak er i strid med det Stortinget, samansett av folket, har vedteke i lovs form. Stortinget praktiserer neppe eit mindreverdig demokrati samanlikna med kommunestyret. 

I ei heilt anna sak gjekk fylkesmannen mot ein kommunalt vedteken vegtrasé i Rogaland. Grunnen var at vegen ville splitte eit stort og samanhengande natur- og kulturlandskap med viktige «landbruks-, natur-, frilufts- og landskapsverdiar». Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjende likevel planen, som etterpå enda hos Sivilombodsmannen. Spørsmålet var om departementet, som gav lokaldemokratiet stor vekt i avgjerda, med dette hadde handla i strid med naturmangfaldlova. I ei liknande sak hadde lagmannsretten komme til at det er avgrensa rom for å legge vekt på lokaldemokratiet når saka inneheld nasjonale interesser. Sivilombodsmannen bad departementet om å vurdere saka på nytt. Ikkje eingong departementet, og heller ikkje fylkesmannen, skal sjå vekk frå lova og drive politikk på sjølvstyr. 

Det aktuelle arealet i Korssundet har nok ikkje nasjonal verdi. Det er med vern av strandsona som med jordvernet. Kvart stykke er ikkje alltid så viktig, men det samla tapet vert stort om ikkje nokon passar på i kvart tilfelle.

Erik Solheim

Erik Solheim Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags