Større forskjell på Ap og Høgre

Det blir billegare å vere milliardær og dyrare å bli sjuk, skriv Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap)

Det blir billegare å vere milliardær og dyrare å bli sjuk, skriv Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Billegare å vere milliardær, dyrare å bli sjuk. Full gass vidare mot privatisering av helsevesenet. Sveltefôring av kommunane. H/KrF/Venstre-regjeringa sitt statsbudsjett var eit påfallande dårleg svar på landet sine utfordringar, med aukande forskjellar mellom høg og låg, by og land, aukande frykt for eit A- og B-helsevesen og kommunar som må kutte i bemanning og velferdstenester.

Nyleg viste ein SSB-rapport at forskjellane er langt større enn vi har trudd, med formuesskilnader som i klassesamfunnet Storbritannia. Dei rikaste betaler 90–170 kr i skatt for kvar tusenlapp dei tener, ein sjukepleiar 250 kr. Det er ikkje rettferdig. Og no vil Høgre fjerne heile formuesskatten. Det vil gi 25.000 nullskattytarar, svekka velferd i kommunane og slå stygt ut geografisk: Bærumsfolk aleine får over 200 millionar meir enn heile Nord-Noreg til saman. Fleire arbeidsplassar blir det heller ikkje, tvert imot viser ein fersk rapport – bestilt av regjeringa – at det blir færre. Høgre står att med eitt argument: «Rikfolk liker heller ikkje å betale skatt, og det er dei vi er til for.»

Arbeidarpartiet sitt svar er omfordeling med skattelette til vanlege arbeidsfolk, auka pendlarfrådrag og fagforeiningsfrådrag. Pensjonistane skal sikrast auka kjøpekraft når lønsmottakarane får det. Vi går til val på trygt arbeid til alle, sterkare velferdstenester over heile landet og ein rettferdig klimapolitikk som kuttar utslepp og skaper arbeidsplassar – ikkje minst i distrikta. Vi er meir arbeidarparti enn på fleire tiår, og har presentert vårt største løft i distriktspolitikken sidan 1970-talet.

Det folk i Sogn og Fjordane likevel veit betre enn dei fleste, er at distriktsoptimisme er tett knytt til velferdsstaten og industrien – Arbeidarpartiets kjernesaker. Det var utbygginga av kommunal velferd som mest av alt gjorde 1970-talet til «Distrikts-Noregs gylne tiår». Oljepolitikken, som Ap var arkitekten for, låg til grunn. Den la òg grunnlaget for den viktige leverandørindustrien langs kysten. Derfor lever vi godt med Høgre-angrep mot vårt varsel om nytt løft for statleg industripolitikk.

Det er lenge sidan skilnaden mellom Ap og Høgre har vore større. Og det er lenge sidan meir har stått på spel. Åtte år med høgrestyre har vore for mykje. Tolv år kan gjere uboteleg skade.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken