Stopp NorthConnect!

LEIAR: Ingunn Kandal er leiar i Raudt Sogn og Fjordane.

LEIAR: Ingunn Kandal er leiar i Raudt Sogn og Fjordane. Foto:

Av
DEL

LesarbrevBilleg kraft er Noreg sitt største konkurransefortrinn. Noreg har overskot av kraft, og me har sikra oss eigarskapen der 90 prosent av vasskrafta er eigd av det offentlege.

Årsmøtet til Raudt Sogn og Fjordane går inn for å nytte norsk vasskraft til industriell verdiskaping og fordeling i Noreg, ikkje til endå meir krafteksport.

Den omstridde NorthConnect-kabelen, eigd av E-CO Energi AS, Agder Energi AS og Lyse Produksjon AS og svenske Vattenfall AB, vil føre til ytterlegare auke i kraftpris og nettleige i Noreg, på kostnad av store og små straumkundar. Dette vil etter vårt syn ha negativ verknad på mange lokalsamfunn og kommunar som har kraftforedlande industri.

Ei eventuell utflagging av norske industriverksemder basert på rein og fornybar norsk vasskraft, til land med lågare klima- og miljøkrav, vil vere katastrofalt for Noreg som industrinasjon. I tillegg fryktar årsmøtet at NorthConnect kan føre til ytterlegare press for å få bygd ut meir vasskraft og vindkraft i sårbare naturområde. NVE har ikkje vurdert miljøaspektet ved kabelen.

Dei fire kraftselskapa har gjennom selskapet NorthConnect KS søkt konsesjon for å få byggje ein utanlandskabel på 665 km og 1400 MW frå Simadalen i Hardanger til Skottland. NVE hevder at NorthConnect vil gi eit samfunnsøkonomisk overskot på 8,5 milliardar, fordelt på levetida på 40 år.
Men årsaka til dette, er at gevinsten til dei som tener på kabelen (kraftselskapa) er langt høgare enn dei som taper (straumkundane). Kabelen er ikkje lønsam om ikkje straumprisen aukar, hevdar NVE i sine analysar. Det vil seie at prisstigninga som NorthConnect vil føre til i Noreg, ikkje er ein (beklageleg) konsekvens av kabelen, men ein føresetnad for at selskapa bak prosjektet skal tene pengar på å bygge kabelen!

NVE la fram sine vurderingar før jul – og vil overlate til Olje- og Energidepartementet (OED) å trekke endelege konklusjonar. Dette skal skje etter ein ny høyringsrunde fram til 10. mars 2020.

På denne bakgrunn vil årsmøtet til Raudt Sogn og Fjordane krevje at OED seier nei til søknaden frå NorthConnect KS om å få byggje ein gigantisk sjøkabel frå Sima i Hardanger til Skottland. Om OED går inn for NorthConnect-konsesjon, krev vi at regjeringa legg saka fram for Stortinget til sluttbehandling.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags