Steintrapper og vindturbinar

INNGREP: Trond Sundby debatterer gjerne kor store inngrep ein skal tole for å legge til rette for naturbasert reiseliv, slik NRK nyleg har gjort med ein artikkel om sherpastiar, men han meiner NRK og andre medium er fråværande når det gjeld dei store inngrepa som vindindustrien fører med seg.

INNGREP: Trond Sundby debatterer gjerne kor store inngrep ein skal tole for å legge til rette for naturbasert reiseliv, slik NRK nyleg har gjort med ein artikkel om sherpastiar, men han meiner NRK og andre medium er fråværande når det gjeld dei store inngrepa som vindindustrien fører med seg. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.NRK Sogn og Fjordane la nyleg ut ein reportasje om steintrappene som sherpaer og lokale stibyggarar har bygd til utvalde fjelltoppar. Det er viktig med debatt om graden av tilrettelegging i fjellheimen vår.

Det kom bra fram i reportasjen at vi i Balestrand og Geir Vetti prioriterer steinlegging i stiar som treng det, ikkje steintrapper til alle toppar. Balestrand satsar på naturbasert reiseliv for alle og då med minst mogleg sår i terrenget. Til orientering er siste prosjektet til studentane ved Bergen Arkitekthøgskole ei hytte/rampe for rørslehemma rett nedanfor utsiktspunktet ved mastene, dit Statnett har bygd ein solid bilveg i samband med oppgraderinga av nettet. Altså ei skånsam utnytting av eksisterande infrastruktur. Generelt snakkar vi om nødvendige og naturtilpassa inngrep i naturen.

Det NRK og andre media verkeleg burde sette søkelyset på, er den omfattande nedbygginga av urørt natur med vindindustri og overkøyring av innbyggarane og kommunane. NRK er nesten heilt fråverande etter det eg har observert. Temaet var oppe i fredagsforumet nyleg, der programleiaren avslutta sekvensen med: «og no over til eit meir alvorleg tema.» Det var sikkert eit alvorleg tema det, men øydelegginga av vår urørte natur og bumiljøet til mange er ein skandale som burde vore stoppa for lengst.

Med Jon Hustad i Dag og Tid som eit heiderleg unntak, har ikkje journalistane gjort jobben sin med ein kritisk gjennomgang av energipolitikken og vindindustriens propaganda. Er det derfor så mange av rikspolitikarane våre berre har lånt øyre til lobbyistane i kraftbransjen?

Partiet Raudt skal ha honnør som einaste parti som konsekvent har gått imot landfast vindindustri. No er det er eit folkeopprør på gang som dei raudgrøne stortingspolitikarane må lytte til!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken