Statens vegvesen må ta steget heilt ut av Førdehusområdet

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Vi som er politikarar må ta grepet.

Sunnfjord kommunestyre hadde i januar 2020 fagdag om Førdepakken. Statens vegvesen med fleire skulle orientere om alle 20 tiltaka, men spenninga var knytt til tiltak 1, brukryssinga Hafstad-Førdehuset.

Dette vart ei viktig sak i valkampen i 2019, motstanden mot vegvesenet sine planar var stor. Kravet var at ein måtte unngå å ramme området ved Førdehuset, og dermed også planane for ein ny kombinert fotball- og friidrettsstadion med tribuneanlegg.

Førde si heimebane.

På fagdagen gjekk Statens vegvesen rett på sak: Dei ville lansere eit nytt alt. 5, som skulle trekke brua mot sør. Vi hadde difor forhåpningar om at dette skulle løyse seg. For det finst alternativ til ei god kryssing, først og fremst alt. 3 og 4, og det såkalla «alt. 2 utan», sjå vedlagd skisse.

Men den gang ei.

I Firda 25.8 vert det presentert 4 ulike variantar av det nye alt. 5. Området ved Førdehuset vert dessverre ikkje teke omsyn til.

Det er skuffande at ikkje vegvesenet tek steget heilt ut av området ved Førdehuset. Løysinga som vart presentert i dagens Firda, og i Formannskapet denne veka, gjev eit særdeles rotete og trist bilde.

Konsekvensane vert som Firda skriv:

«Det vil trengst høge ballnett og omlegging av eksisterande gang- og sykkelveg ved Førdehuset. Begge alternativa kjem i konflikt med fjernvarmerøyra og rampen for universell tilkomst til Førdehuset blir flytta slik at vegen blir lenger og meir krunglete. Stadionbygget mellom banene blir det heller ikkje noko av.»

No handlar ikkje dette først og fremst om 9-ar eller 11-arbaner. Det handlar om å behalde Førdehusområdet intakt som ein oase i sentrum, og som også kan gje Førde ei etterlengta heimebane.

Førde Idrettsråd uttalte i 2019: Idretten i Førde kommune, i denne samanheng representert via Førde idrettsråd, står samla om at forslaget som er utarbeidd til ei ny og langsiktig løysing for området ikkje kan aksepterast. Å bygge ned opparbeidde anlegg, og prioritere trafikkmaskin over området framføre Førdehuset vert feil. Viser her også til dei mange innspela frå idretten til Førdepakken tiltak 1.

Bakgrunn er at ein ønskjer å legge til rette for ein arena for identitetsskapande aktivitet – ein møteplass i sentrum for kultur, idrett og større tilstellingar – følgeleg ei utandørs storstove i området som på mange måtar fram står som hjartet for Førde og den nye Sunnfjord kommune»

Estetisk er det nye forslaget forferdeleg for området. Motstanden mot ei bruløysing er stor i Førde, når brua i tillegg øydelegg deler av området er det tragisk.

Parkeringsplassane ved Førdehuset vert, som i tidlegare skisser, fjerna. Det er ei sak for seg, med den høge aktiviteten i alle aldersgrupper.

Statens vegvesen sine forslag til brukryssing vil også påføre Sunnfjord kommune store meirutgifter. Først og fremst ved ombygging av uteområde, berekna av Norconsult til ca. 100 mill.kroner.

Dersom ny 11-arbane må byggast i Hafstadparken, seier Norconsult at det vil koste ca. 50 mill.kroner. Då er ikkje kostnader til massefjerning og grunnavståing rekna inn.

Ser vi på Tilleggsrapporten frå Statens vegvesen frå september 2018, finst det gode alternativ til kryssing.

Den løysinga som peiker seg ut er det gamle alt. 3. Ta ho fram på nytt!

Ein bør uansett alternativ tenke ei smalare bru med T-kryss, og utan gang- og sykkelveg, jamfør planar om gangbru lenger nord ved Førdehuset.

Så har ein inntil vidare gangbrua ved Hafstad vidaregåande skule.

Eg vil oppmode mine kollegaer i Sunnfjord kommunestyre om å instruere styringsgruppa for Førdepakken om å finne ei løysing som tek omsyn til den store entusiasmen i Førde for å behalde Førdehusområdet intakt. No er nok. Ei dårleg løysing er ei dårleg løysing for all framtid.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags