Start opp Stad Skipstunnel og nye vegprosjekt

Jan Einan. Leiar i NITO Sogn og Fjordane

Jan Einan. Leiar i NITO Sogn og Fjordane Foto:

Av
DEL

LesarbrevDei siste vekene har vore spesielle og krevjande for oss alle. Med Korona-krise og den lågaste oljeprisen på mange år har vi allereie firedobla talet på arbeidsledige. Hos NAV er det no 301 000 personar registrert som heilt ledige.

NITO får meldingar frå medlemar over heile landet om permitteringar, varsel om permitteringar og oppseiingar. Her i Sogn og Fjordane er det førebels mange som klarar seg so langt, men uvissa er stor. Difor er dei neste månadane avgjerande for korleis Noreg vil sjå ut framover. NITO Sogn og Fjordane meiner at regjeringa må gjere alt dei kan for å unngå konkursar, høg arbeidsløyse og lite aktivitet i næringslivet.

Lærdomen frå både oljekrisa og finanskrisa er at staten må kome raskt på bana med krisepakkar og byggeprosjekt som skapar arbeidsplassar. Det er fleire infrastrukturprosjekt som er klare her vest.

Styresmaktene må finne pengar til å forsere prosjekt på E39 som Byrkjelo-Svarstad, Storehaug-Førde og Bogstunnelen. Stad Skipstunnel er gryteklar og Vikafjellstunnelen er overmoden for realisering. E16 Voss-Bergen er også på lista og i tillegg har vi mange ras- og vedlikehaldsprosjekt som kan setjast i gang. Slik kan vi halde hjula i gong på Vestlandet.

Historia har vist oss at god motkonjunkturpolitikk frå staten verker i tider der det er økonomisk krise. Men det må skje raskt slik at ikkje arbeidsløysa bit seg fast på eit høgt nivå. Difor vil vi oppmode regjeringa til å komme med meir pengar til vegbygging og vedlikehald slik at vi faktisk kan halde hjula i gong i vår region.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags