Stå løpet ut – det vert bra igjen

MANGE HYTTEOPPDRAG: Arne Johannessen meiner folk no må forstå situasjonen og respektera hytteforbodet.

MANGE HYTTEOPPDRAG: Arne Johannessen meiner folk no må forstå situasjonen og respektera hytteforbodet. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Folk i Sogn og Fjordane har vore flinke til å følgje dei nasjonale smittevernreglane og dei særskilde korona-forskriftene. Per. i dag, den 28. april, har politiet i Sogn og Fjorane registrert 176 meldingar som er korona relaterte, det er med smått og stort som er rapportert til oss. Ikkje alle har ført til noko aktivitet frå politiet, men dei fleste er løyst ved god dialog og kun to har resultert i anmeldelse.

Det er grunn til å gje ros til folk, særleg til russen og andre ungdomar. Det har vore synt god respekt for den krevjande situasjonen som me alle er ein del av.

No som samfunnet gradvis byrjar å fungera meir og meir normalt, vert det også meir krevjande å få full forståing for alle reglane rundt smitteverntiltak. Med sol og vår i lufta , vert mange inspirert til meir aktivitet og det vert meir samling av folk.

Snart står viktige høgtidsdagar i mai for tur, det er tradisjonelt dagar som samlar mykje folk til fest og sosialt samvær. Eg oppmodar alle til å følgje med på, og retta seg etter, helsemyndigheitene sine råd, pålegg og føringar (desse reglane er heile tida under vurdering og i endring).

Politiet i Sogn og Fjordane opplever stadig større utfordringar med samlingar av folk i større mengder, det gjeld både privatfestar og samlingar i det offentlege rom. Mange er engstelege for smittespreiing og melder frå til politiet.

Ein ser også større utfordringar med bilkøyring, både med samlingar for å driva med «råning» og ikkje minst køyring med svært høg fart. UP melder om rekord høge tal inndregne førarkort så langt denne våren Dette vil sjølvsagt politiet ha fokus på vidare utover våren/sommaren.

Politiet får også tips og meldingar om planlagde russetreff/feiringar. Det som politiet får tips om, vert følgt opp i dialogsporet. Men det er viktig at me alle framleis identifiserer oss med den nasjonale dugnaden for å hindre smittespreiing.

Politiet håpar framleis at den gode dialogen kan løysa dei fleste situasjonar på ein god måte. Me har ikkje noko ynskje om å vera eit «strengt koronapoliti», for dette er vårt felles ansvar.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags