Kva kallar vi innbyggjarane i Vestland?

Johannes Eggen Mundal kan ikkje forstå kvifor vi har valt namnet Vestland, om alle meiner det er det dårlegaste namnet på det nye fylket.

Johannes Eggen Mundal kan ikkje forstå kvifor vi har valt namnet Vestland, om alle meiner det er det dårlegaste namnet på det nye fylket. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg kastar nesten aldri opp. Eg kan bli sjuk, men det går tiår mellom eg kastar opp. Men kvar gong eg høyrer fylkesnamnet Vestland på radioen får eg trong til å brekke meg. Eg kjenner meg sjuk. Eg føler eg har mista identitet. Ikkje fordi Sogn og Fjordane har blitt slegne saman med Hordaland. Men på grunn av det idiotiske namnet nokre språkinkompetente, visjonslause og kompromissvillige tullingar har gitt det nye fylket. Og sjølv om det verkar som at alle meiner det var det mest håplause namnet som blei valt, så blei det det. Viss eg var tolv år igjen, og skulle skrive ein stil om kvar eg bur, så måtte den for eit språkinteressert barn bli om lag slik:

Eg bur i Fjærland. Frå år 2000 har Fjærland vore ein del av Sogndal kommune. Tidlegare har Fjærland tilhøyrt Leikanger kommune og Balestrand kommune. No er ringen på ein måte slutta, då Leikanger, Balestrand og Sogndal frå 2020 er nye Sogndal kommune. Sogndal kommune ligg i Vestland fylke. Vestland fylke ligg på Vestlandet. Det er viktig å skilje mellom Vestland og Vestlandet, då det er stor skilnad mellom Vestland i bestemt form og Vestland i ubestemt form. Vestland er eit fylke midt på Vestlandet. Bortsett frå Vestland består Vestlandet også av to andre fylke. Rogaland ligg også i Vestland i bestemt form. Rogaland ligg sør for Vestland. Møre og Romsdal er det tredje fylket i Vestland i bestemt form. Møre og Romsdal ligg på Vestlandet nord for Vestland. Det var nokre politikarar i dei fylka som Vestland blei slege saman av, Sogn og Fjordane og Hordaland, som hadde så lita språkkjensle og så liten respekt for dei andre fylka på Vestlandet, som bestemte at eine fylket på Vestlandet skulle heite Vestland. Fylkesnamnet Vestland blir derfor no rekna som eit symbol på arroganse og manglande respekt for andre folk. Det seier dei vaksne.

Johannes Eggen Mundal

Bonde og uavhengig bloggar og spaltist

Fjærland

Framtidsfylket Sogn og Fjordane er fortid på ein så patetisk måte som det er mogleg for menneske (politikarar) å gjere eit fylke til fortid. Med arroganse mot naboane sine. Uansett må vi ha eit samlande omgrep som beskriv innbyggjarane i det nye fylket. Noko samlande. Når vi skal markere at vi er innbyggjarar i fylket Vestland (som ikkje må forvekslast med landsdelen Vestland i bestemt form, Vestlandet så kan vi ikkje kalle oss vestlendingar. Om vi då ikkje er ekstremt arrogante. Dessverre finst det folk som er så arrogante. Somme av dei er politikarar og har funne på dumskapen. Vi må ha noko som gir oss samla identitet, utan å bli forveksla med folk frå heile Vestlandet. Det opplagde omgrepet er vel vestlanding?

Då bestemor mi var gamal hugsar eg ho eingong sa at ho aldri nokon gong hadde hatt vondt i hovudet. Eg har vore heldig og arva det av henne. Dagen derpå og influensa kan vere ubehageleg på mange måtar, men eg er glad eg slepp hovudsmerte av slikt. Fylkesnamnet Vestland gir meg hovudverk på mange måtar. Ikkje som hovudsmerte kanskje, men hovudverk – og brekkingar. Det er aldri for seint å leggje seg flat når ein ser sin eigen dumskap. Det er aldri for seint å angre seg og gjere om på dumskap. Det er aldri for seint å snu. Siste alternativ er å grave seg ned og ikkje stille til val meir.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags