Digitale læremiddel, for alle!

«Det nynorske språkvalet i digitale læremiddel kjem ofte månadar eller årevis etter at tenesta er blitt lansert – eller aldri», skriv Sandra Tenud i AUF Sogn og Fjordane

«Det nynorske språkvalet i digitale læremiddel kjem ofte månadar eller årevis etter at tenesta er blitt lansert – eller aldri», skriv Sandra Tenud i AUF Sogn og Fjordane Foto:

Av
DEL

MeiningarEg hugsar godt dei gamle skulebøkene vi fekk arve frå kvarandre gjennom grunnskulen og vidaregåande. Nokre gongar fekk vi nye bøker, men som regel vart mangelen på meir oppdatert materiale gjort opp for med at ein stifta saman kopiark. Det var derfor alltid ein fryd dei dagane på ungdomsskulen når vi fekk sitte ved datamaskinane.

Ikkje berre var det ein fryd for lærarane som slapp unna trist papirarbeid, men også for miljøet vårt som sparte seg for tonnevis av papirsvinn. Digitaliseringa av læremidla i skulen er ei viktig reise, men dessverre får ikkje alle vere med på denne turen. For nynorsk får som vanleg ikkje vere med på leiken.

Det nynorske språkvalet i digitale læremiddel kjem ofte månadar eller årevis etter at tenesta er blitt lansert – eller aldri. Dette strid kraftig imot mållova, som fastslår at «bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstilte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune.»

Elevane i Vestland sine lovgitte språklege rettar skal ikkje stanse opp med den teknologiske utviklinga. Alle elevar burde få dra nytte av å lese tekstar, sjå video og spele spel på sitt eige hovudmål. For Vestland Arbeidarparti er det viktig å halde eit godt auge ved desse digitaliseringsprosessane, og passe på at begge dei norske målformene får vere med på leiken!

Det er tydelege fordelar med å vere fleirspråkleg, som språkforsking ved NTNU har vist oss. Fleirspråklege personar har vist seg å vere smartare, meir kreative og presterer til og med betre på skulen i matematikk! Å auke eksponeringa for begge målformene er viktig for oss i Arbeidarpartiet, for å vidareføre den gode nytta ein kan få av fleirspråklegheit.

Nynorskelevar ser allereie mindre av språket sitt elles i samfunnet enn bokmålselevane gjer. Det er derfor viktig at tilbodet ikkje sviktar i dei 143 kommunane i landet med nynorskklassar.

Å sikre elevane i nye Vestland fylke sine språkrettar, kan ikkje berre ligge hos lærarane og skuleeigarane. Derfor ynskjer vi å stille større krav til staten, for å kontrollere at digitale læremiddel ikkje berre er tilgjengelege for begge målformene, men at dei har tilstrekkeleg språkleg og fagleg kvalitet. Om førespurnaden frå staten er sterk nok, vil dei som programmerar appane, programvarene og andre digitale læremiddel omstille seg for å sikre våre språklege rettar.

For det nye storfylket Vestland vil ikkje språk berre vere ein formalitet, men viktig for vår felles identitet som eit språkrikt fylke. Derfor går Arbeidarpartiet til val på at alle barn og ungdom i Vestland skal få vere med på den digitale reisa vidare. Digitale læremiddel skal vere for alle!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags