Avisa skal fram

Av
DEL

MeiningarDet er viktig at regjeringa legg til rette for distribusjonsløysingar som er føreseielege på ein slik måte at det er råd for avisene å tilpassa utgjevingane sine.

Regjeringa vil no kutte ned på postomberingsdagar til 2,5 dag i snitt kvar veke. Framlegget er at eine veka er det postlevering måndag, onsdag og fredag, og andre veka er tysdag og torsdag. Det gjer at avislevering ikkje er mogleg, ifølgje Landslaget for lokalaviser. Nesten 400.000 nordmenn står i fare for å miste tilgangen til daglege aviser. Eit titals aviser står i fare for å leggje ned.

Avisene driv dagleg språkopplæring, ikkje berre for born, men like mykje for vaksne. Avisspråket formar skriftspråket vårt og skaper ideal både i vår formelle og uformelle kommunikasjon. Trass i at det er klart flest aviser på bokmål, vil Noregs Mållag peike på at for nynorsken er nynorskavisene svært viktige for sine lesarar og i sine nedslagsfelt. Meir enn kvar fjerde avis var redigert heilt eller delvis på nynorsk. I 2014 kom det ut 235 aviser. Av desse var 66 redigerte på nynorsk, 20 på begge språka. I tillegg kjem regionavisene, og dei meiningsberande riksavisene, som har ein del artiklar på nynorsk. Den einaste nynorske riksavisa er Dag og Tid. Nye vilkår for postomdeling kan føre til av fleire av desse nynorskavisene lyt leggje ned.

Noreg er i verdstoppen når det gjeld avislesing og talet på aviser per innbyggjar. Mangfaldet i aviser er med og fremjar demokrati og meiningsmangfald og gjev rom for kulturelle ytringar frå ulike geografiske og sosiale lag av folket. Dette mangfaldet ser vi også på nettet. Men sjølv om lokalavisene satsar digitalt, så kjem dei viktigaste annonseinntektene framleis frå papiravisa. Difor vert desse avisene sett i ein svært alvorleg situasjon om dei nye framlegga til kutt i postomdelinga vert gjennomførde no. Mange nynorske lokalaviser er små og sårbare og regjeringa må sikre desse gode rammevilkår og setje både redaksjonane og lesarane i stand til å møte den digitale framtida.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags