HVL, SHOS, SYS IKL eller forkortingar som byråkratisk – akademisk latskap og hovmot

Av
DEL

MeiningarI fleire år har eg irritert meg grenselaust over amerikansk historieforsking, som gjennom bøker og artiklar gjer seg utilgjengeleg. Amerikanske historikarar forkortar alt dei ser av ord og uttrykk. Truleg gjer dei dette fordi akademi skal vera for dei få, og for å syna at dei har det så forbanna travelt at ord ikkje kan skrivast fullt ut. No har denne amerikanske motebølga, tufta på akademisk latskap og hovmot, råka våre bygder for fullt.

Seinast for eit par månader sidan var eg på ein hyggeleg spørjekonkurranse, quiz, som er særleg populært rundt miljøet til det framtidige Nynorskhuset i Førde. Der kom spørsmålet: Kva er HVL? Dei fleste svarte at det hadde noko med psykiatri å gjera, altså ein likskap med den diagnosen som den nasjonale Venstre-leiaren set på ordførarkandidatar i partiet sitt i interne konfliktar.

Det siste ordet på bana i Sogndal er SHOS. Herre Gud! Vi balestrendingar skal kvar ettermiddag, natt og helg forholda oss til SYS IKL. Kor djupt går det an å forakta vanlege folk, og kor hjelpelaus er det råd å bli i vanlege samtalar eller kommunikasjon?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags