DEBATT: Førde treng ei «Heimebane»!

HEIMEBANA: Arne Helgheim meiner det er viktig at planen for eit nytt Førde stadion blir realisert. Skissa viser korleis stadion er tenkt der kunstgrasbana framfor Førdehuset ligg i dag.

HEIMEBANA: Arne Helgheim meiner det er viktig at planen for eit nytt Førde stadion blir realisert. Skissa viser korleis stadion er tenkt der kunstgrasbana framfor Førdehuset ligg i dag. Foto:

Av
DEL

LesarbrevAvisa Firda har ved fleire høve omtalt utbyggingsplanane for Førde stadion, og etter kvart at bruløysinga over Jølstra og alternativa som Statens vegvesen har lagt fram i samband med Førdepakken truar området for noverande kunstgrasbane.

Det er etter kvart fleire år sidan dei flotte planane for dette anlegget blei lagde fram i regi av Førde IL og Førde industri- og næringssamskipnad. Eit anlegg som ved realisering vi kunne bli den nye storstova i Førde, med kunstgrasdekke og 1800 sitteplassar under tak.

Statens vegvesen la i fjor haust fram ulike alternativ for bruløysing og tilførselsvegar, med det resultat at bystyret i Førde bad om ny utgreiing, samtidig som Førde kommune sjølve skulle sjå på mellom anna alternative plasseringar for kunstgrasbana.

I Firda datert 08.02.19 kan ein mellom anna lese som dette:

«Administrasjonen meiner det er problematisk å ha eit stort areal i sentrum som blir så lite brukt som dagens fotballbane på Førde stadion. Med nytt kunstgrasdekke kan bana brukast oftare, og ta sin del av aktiviteten som i dag skjer på kunstgrasbana.»

I desse miljøtider bør ein for all del ikkje byte ut ei velfungerande grasbane med kunstgras. Dei to banene ved Førdehuset er bygde som kombinert fotball- og friidrettsstadion, og intensjonen er at dei to banene skal utfylle kvarandre. Det skal dei også i framtida. Den skisserte løysinga for stadion inneber komplett fotballstadion på dagens kunstgrasbane, samt tribunar som tener begge banene, i tillegg til servicebygg og lager.

Den største utfordringa med dagens Førde stadion – grasbana – er at den blir for lite brukt.

Førde kommune har, som baneeigar, i alle år vore svært restriktiv med bruken av denne bana. I så måte blir det søkt at den same kommunale administrasjonen skal argumentere med på for liten bruk av dette arealet – når det er kommunen sjølv som avgrensar bruken gjennom å stenge grasbana for all aktivitet, ut over kampar for A-lag herrar, og treningar for same gruppering – i godvêrsperiodar.

Arne Helgheim

Aktiv i Førde IL og i si tid leiar av prosjektgruppa som realiserte nærmiljøanlegget på Sunde.

Førde

Om det er slik at vi ikkje har areal til to fotballbaner i Førde sentrum, ja då begynner det verkeleg å bli trongt om plassen. Dette handlar ikkje om at vi ikkje har nok areal. Det handlar om kva vi skal prioritere å bruke arealet til!

Når det gjeld den noverande kunstgrasbana ved Førdehuset, så er denne dessverre i svært dårleg forfatning. Det er ikkje utan grunn at denne bana har fått tilnamnet «betongen» på folkemunne. Det aktuelle banedekket er overmodent for utskifting. Det er på høg tid at ein får sett i verk dei planane som ligg føre.

I sum opplever ein Førde kommune si administrative tilnærming og argumentasjon som ei avsporing. Dei har i liten grad dei nødvendige visjonane for å få utvikla eit anlegg som kan stå fram som eit stadion – ei «Heimebane».

Førde stadion må bestå med grasbane og friidrettsanlegg. Vidare må ein få realisert utbyggingsplanane for omtalte nye Førde stadion – snarast.

Med nær tilkomst til Hafstadparken vil ein ha et svært godt konsept med fire ellevar-fotballbaner i området ved Førdehuset. Her er det berre fantasien som set grenser i forhold til kva ein kan få arrangert av cupar og andre arrangement.

Administrasjonen omtaler vidare ellevar-bane på Halbrend eller Sunde som alternative erstatningsbaner. Det er ikkje noko gale med Halbrend eller Sunde, men ei slik erstatning blir ikkje ei fullgod løysing, av den enkle grunn at ein treng eit stadion – ei «Heimebane» – det er den framtidsretta løysinga opp i dette. Halbrend og Sunde har alt sjuar-baner. Konseptet med nærmiljøanlegg i grendene – eller bydelane om ein vil – og ellevar-baner i sentrumsområdet, har vore strategien hittil i Førde – denne bør ein halde fast på.

Så er det noko med tidsaspektet opp i dette. Når ny veg og rundkøyringa på Kronborg i si tid kom, var det ikkje klar ei erstatning for fotballbana som vart råka på Kronborg. Som kjent gjekk det mange år i før Hafstadparken blei etablert. Denne historia må for all del ikkje gjenta seg.

Vidare registrerer ein at Statens vegvesen i liten grad har endra haldning og anbefaling i forhold til dei alternativ som er presenterte. Etter mitt syn er løysinga openberr: her lyt skulpturen «Laksen» ofrast.

Laksen er ein 65 meter lang steinskulptur, med sin opphav tilbake til 1991. Ikkje eit vondt ord om Laksen, men vi ser eit stadion som meir framtidsretta enn denne steinskulpturen. Ein skulle tru det var fullt mogleg å få til ein vegtilkomst og ei bru i dette området, som ikkje råkar området for den noverande kunstgrasbana.

Her handlar det om å gripe sjansen, ein kan berre ikkje skusle vekk denne mogelegheita til å få realisert eit skikkeleg stadionanlegg ved Førdehuset. Rundkøyringar har vi etter kvart nok av i Førde, her trengst det visjonar og framtidsvyar, noko vi kan samle oss om.

Førde-samfunnet blir ofte skulda for å mangle patriotisme. Patriotisme handlar mykje om tilknyting, identitet og stoltheit – noko vi i fellesskap bryr oss om. Tenk kva ei «Heimebane» kunne betydd i denne samanheng.

Om ein ser til plassar som Sogndal og Ulsteinvik, vil ein få noko av svaret. Dette er plassar som er mindre enn Førde, men på mange måtar langt større – og ikkje minst meir kjente. Sogndal og Ulsteinvik har som kjent lang historie med fotballag som har gjort det godt over lang tid – Sogndal og Hødd. Dei har skapt ein kultur, identitet, ei tilknyting og patriotisme gjennom fotballaga, og då i praksis gjennom sine heimebaner.

Fosshaugane Campus – og nye Høddvoll – det er heimebanene til Sogndal og Hødd. Sistnemnde er som kjent ramma for innspelinga av den populære TV-serien «Heimebane» der det no er klart for sesong 2 på NRK1.

Sogndal og Ulsteinvik er landskjente på grunn av fotballaga sine – og på grunn av ei «Heimebane» – og dei ringverknadane som dette gjev. Skal vi ikkje gje dette ein sjanse i Førde også?

Så kjære politikarar i Førde: her har eg tiltru til at det ser forbi Statens vegvesen og Førde Kommune sin administrative innstilling – og den openberre bandlegginga som løysinga medfører.

Sjå heilskapen og gå for ei løysing som kan bevare bana ved Førdehuset – og dermed gje rom for at ein kan få realisert storstova nye Førde stadion – ei «HEIMEBANE» – det treng Førde. Det treng Sunnfjord.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags