Toppidretten blir taparen

Råkøyr: Det kommersielle råkøyret tek no så mykje plass at idrettsprestasjonane gradvis blir overskygga, skriv artikkelforfattaren. På bildet; gullvinnar Johannes Thingnes Bøe. Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

Råkøyr: Det kommersielle råkøyret tek no så mykje plass at idrettsprestasjonane gradvis blir overskygga, skriv artikkelforfattaren. På bildet; gullvinnar Johannes Thingnes Bøe. Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

YtringDei har vore der lenge. Tidlegare meir i bakgrunnen, meir usynlege. Gradvis har dei blitt fleire og meir synlege. Som rovdyr har dei listig plukka ut bytta. Som ein slange som usynleg ålar seg gjennom graset har dei snike seg nærare.

Umerkeleg har dei komme heilt inn i stovene våre. «Kjøp, kjøp», kviskrar dei. «Meir, meir», knurrar dei. Vi ser dei, men vi ser dei ikkje. Vi høyrer dei, men vi høyrer dei ikkje. Det heile har skjedd så gradvis at vi ikkje har lagt merke det. Men dei infiserer oss utan at vi merkar det. Vi blir påverka av alle repetisjonane, og vi kjøper produkta deira fordi vi har sett dei så mange gongar utan å vite det.

Arild R. Sætre

Arild R. Sætre

Men no er det umogleg å ikkje legge merke til dei. Bumerka deira er på alle klesplagg og på alle startnummer. Dei har omringa alle sportsarenaer med store plakatar og gradvis har dei erobra fjernsynsrettane til dei største idrettsarrangementa.

Agendaen til storkapitalen er ikkje å vise oss god idrett, men å tene mest mogleg pengar. Denne agendaen har no blitt svært tydeleg. Reklameplakatane har blitt så mange og reklame-avbrota i sportssendingane kjem så tett at vi som ser på ikkje kan unngå å avsløre det som skjer. Det kommersielle råkøyret tek no så mykje plass at idrettsprestasjonane gradvis blir overskygga.

Den kommersielle grådigheita har gradvis fått utilsikta konsekvensar. Dei store pengesummane i idretten får fram det dårlegaste i menneska. Stadig fleire idrettsutøvarar blir villige til å jukse fordi utbyttet av å vere best har blitt så stort. Til og med organisert nasjonalt juks har fleire gongar blitt avslørt.

Bruk av dop og medisinering har blitt så vanleg at kvar gong vi ser imponerande prestasjonar blir vi mistenksame. Når dette skjer mange nok gonger, misser vi litt etter litt interessa fordi vi føler oss lurte.

Dei kommersielle kreftene har gradvis og umerkeleg teke styringa over toppidretten. Desse kreftene har ikkje noko hjarte. Berre ein stor mage. Dei kjenner ikkje ordet nok. Dei er som rovdyr som aldri blir mette, og dei søker heile tida dit utbyttet er størst.

Historia har mange gongar vist at grådigheit ikkje løner seg. Det vil truleg skje igjen. Når mange nok misser interessa for toppidretten og sluttar å sjå på, forsvinn moglegheita til utbytte. Dei kommersielle kreftene vil då vise sitt sanne ansikt. På same listige og umerkelege måte som dei kom, vil dei gradvis forsvinne til nye jaktområde. Taparane blir toppidretten og toppidrettsutøvarane. Då vil det bli tydeleg for alle kven som eigentleg stod på startstreken.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags