Spekulantane veit at krisetider kan øydeleggje formuar

GJELD: Privat gjeld i Noreg, mykje av det gjeld på hus, har vakse frå 250 prosent av BNP i 2007 til 275 prosent i 2018. Mange i Noreg har lån heilt på grensa av det dei maktar. Dersom noverande krise i Noreg fører til stor arbeidsløyse, vil ganske fort mange familiar hamne i gjeldskrise, skriv artikkelforfattaren.

GJELD: Privat gjeld i Noreg, mykje av det gjeld på hus, har vakse frå 250 prosent av BNP i 2007 til 275 prosent i 2018. Mange i Noreg har lån heilt på grensa av det dei maktar. Dersom noverande krise i Noreg fører til stor arbeidsløyse, vil ganske fort mange familiar hamne i gjeldskrise, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Karl Marx studerte kapitalismen som eit system. Han gav i 1867 ut første bandet av hovudverket «Das Kapital». Band to og tre kom i 1885 og 1894. Han påviste at under kapitalismen vekslar oppgangstider med stagnasjon og nedgangstider – og kriser. Og han summerte opp kjernen i kapitalismen, som han kalla kapitalismen si jernlov: Akkumuler eller døy! Akkumulere tyder å samle opp. Kapitalismen er dynamisk: Den som ikkje greier å samle opp nok profitt, forsvinn i konkurransen.

Dei fleste kriser er små, og nokre er store. I norsk medvit lever dei harde 30-åra. I 1929 starta ei stor krise i det amerikanske banksystemet. Krisa spreidde seg. Verst var krisa i Tyskland med 40 prosent arbeidsløyse. Utan krise ingen Hitler. Først med opprustinga til Andre verdskrigen kom ny vekst. Etter krigen har det også gått opp og ned, men utan så store kriser som i 30-åra.

Finanskrisa i 2008: Prisane på verdipapir var drivne kunstig opp. I slike tider styrer ein ikkje etter kor mykje noko reelt er verd. Noko er verd 100 pengar, men vert selt for 120, så 150, og så … … Spekulanten kjøper til 150 så lenge spekulasjonsbølga gjer at han forventar å kunne selje for meir enn 150 seinare. Men det er ei grense for galskapen. Når bølga snur, må banken ha att pengane sine, men no er det mange som ikkje kan betale.

Gjeldsbreva for mange av desse låna var no lite verd og skulle ha vore avskrive som tap. Men amerikanske bankar var svindlarar: Ein illustrasjon: På gjeldsbrevet stod det 100.000, men verdien var langt mindre, kanskje null. Bankar pakka alminnelege trygge lån saman med verdilause gjeldsbrev og selde dei ut over mange land til full pris. Når ærlege folk handlar med bandittar, tapar dei ærlege. Truskuldige norske kraftkommunar tykte visst det var svært å ete kirsebær med dei store. Og kjøpte juksegjeldsbrev med tryggleik i hus. Fleire kommunar slit enno med å betale for tapa.

Krisepakkar: Mange statar konkluderte med at om storbankane kollapsa, ville konsekvensane vere så store at det måtte hindrast. Bankane var «To big to fail». Småbankar fekk gå konkurs. Mange av dei som hadde sett pengar i banken til å leve for som pensjonistar, tapte alt. For å få storbankane i gang att lånte statar enorme beløp og gav til bankane som vart utvalde til å reddast. Gjelda bankane hadde hatt var ikkje borte, men no var det ikkje bankane si gjeld lenger, men statane si, altså skattebetalarane si.

Noreg var i ei særstilling med oljepengar på bok rundt om i verda. 14 milliardar kroner vart teke derifrå. Den norske staten førte motkonjunkturpolitikk og skapte fleire arbeidsplassar. Staten stilte store garantiar for eksportbedrifter. Noreg var også god nabo og berga den islandske storbanken Glitnir. Som hadde spekulert seg til kolossale tap. Unge islandske bankdirektørar i silkedress var verdsmeistrar for ei tid og vart utropa til finansgeni. Til dess at dei skulle betale attende pengane dei hadde lånt omkring i verda. Utan norsk hjelp hadde den islandske krona forsvunne.

Gjeld som kriseteikn: Globalt har privat gjeld auka frå 51.000 milliardar dollar i 2007 til 86.000 milliardar i 2018, over fire gongar større enn USA sitt BNP. I eurosona steig den private gjelda frå 89 prosent av BNP i 2007 til 104 prosent i 2019. Eit viktig fareteikn er at opptak av privat høgrisikogjeld har skote fart frå åtte milliardar euro i 2018 til 30 milliardar i 2019. Privat gjeld i Noreg, mykje av det gjeld på hus, har vakse frå 250 prosent av BNP i 2007 til 275 prosent i 2018. Mange i Noreg har lån heilt på grensa av det dei maktar. Dersom noverande krise i Noreg fører til stor arbeidsløyse, vil ganske fort mange familiar hamne i gjeldskrise.

Statsgjeld: USA har største statsgjelda på jorda. Den passerte nyleg 23.000 milliardar dollar. For kvar innbyggjar vert det 640.000 kroner. Trump tok over på 20.000 milliardar. Då EU laga sin valuta euro, vart det laga sperrer slik at statsgjeld ikkje skulle få auka for mykje. Ikkje nokon euro-stat skulle kunne ha over tre prosent av BNP i underskot årleg. Og ikkje nokon stat skulle kunne ha over 60 prosent av BNP i statsgjeld. Ikkje noko land held seg under maksgrensa på 60. Tyskland er i ein klasse for seg med 62. Italia toppar no statsgjeld i EU med 135 prosent av BNP. Mange land slit med økonomien. Det siste eg såg er at Argentina ser ut til å gå konkurs.

Veksande ulikskap: Ulikskap kan ein studere frå ulike vinklar. Eit illustrerande døme: For tida lever 7,9 milliardar menneske på jorda. Vi deler dei i to like store delar; altså 3,95 milliardar i kvar flokk. Kor mykje eig den fattigaste halvparten? Så tek ein den rikaste personen og den nest rikast og den tredje rikaste og ……. Kor mange skal til for at dei eig like mykje som dei 3,95 milliardar fattigaste? Svaret er 7 personar!

Thomas Piketty; vegen til mindre ulikskap: Den franske økonomen Thomas Piketty har nyleg gjeve ut eit storverk om økonomi i viktige statar siste 200 åra. Der peikar han på at skeivare og skeivare fordeling til fordel for dei rike skapar dårlegare samfunn. Større fattigdom og større spenningar i samfunna.

Fleire og fleire økonomar står samla om dette synet. Eit hovudpunkt for Piketty er at ulikskapane må ned. Då må dei rike betale langt meir skatt. Og dei må ikkje kunne flytte inntektene sine til skatteparadis der dei betalar om lag null skatt. I etterkrigstida betalte dei store selskapa i rike land om lag 50 prosent i toppskatt. Og veksten i økonomien var god. Så kom høgrekreftene si store omlegging omkring 1980. Med Thatcher og Reagan gjekk toppskatten ned til om lag 20 prosent. Likevel jaktar høgresida på meir skattelette medan samfunnet treng auka innsats på mange felt.

Det er nokre år sidan 2008, og det er ikkje uventa at spenningane i det kapitalistiske systemet har sett i gang ei ny stor krise. Koronaen spreidde seg først frå mars 2020. Før det var krisa i økonomien i god gang. Låg vekst, høg arbeidsløyse, fleire fattige og altfor høg statsgjeld var tydelege teikn. Kva som kjem ut av ei krise er samansett; nokre vinn, og andre tapar.

Petter Stordalen har vore ein flink og vellykka norsk investor i mange år. Krisa har råka hardt sektorar der han har satsa. Han er like dugande, men formuen hans har smuldra. Joseph P. Kennedy er for oss best kjend som far til president John F. Kennedy. Han var ein dugande spekulant og samla ei stor familieformue. Han summerte opp sine røynsler slik: Ved å kjøpe og selje verdipapir kan du tene mykje pengar. Og dersom det er krise i økonomien, kan du tene SVÆRT mykje.

Korleis skal belastninga av krisa fordelast? Høgresida snakkar som vanleg om skattelette. Og om at vanlege arbeidsfolk må kunne skjerpe seg. Eit døme: Kommunesektoren må då kunne effektivisere årleg med ein halv prosent. Men dei har aldri eit ord å seie om at dei rike må kunne avstå ein del av profitten dei tek ut av bedriftene. Kapitalen i Noreg har hatt solide profittar i mange år.

Koronakrisa syner kor viktig det er at tilsette i mellom anna helsevesen, reinhald, varehandel, transport kan arbeide. Dette er grupper med låg løn. Etter korona kom har dei fått mange lovord om kor viktige dei er. I Noreg er arbeidarar godt organiserte. Og fagforeiningane veit nok kva dei kan vente seg frå regjeringa.

Lønsoppgjera vil verte utsette til hausten. Også denne gongen vil styrketilhøvet mellom arbeid og kapital avgjere. Norsk Sykepleierforbund har nyleg uttala: «Koronakrisen får store konsekvensar for årets lønnsoppgjer. Det kan gå ut over dem som kjemper i fronten mot viruset. – Nullvekst i lønn er ikke akseptabelt for oss». Dette er eit viktig signal om kampvilje.

Krisa reduserer BNP over alt. Så langt reknar EU-kommisjonen, regjeringa i EU, med ein nedgang i BNP for heile EU på 7,5 prosent i 2020. Og fleire minusår vil følge. Sentralbanken i EU seier for tida at det vil ta tre år å ta seg inn att. Det er truleg optimistisk. Berre for å hindre eit rask samanbrot må EU stille 1500 milliardar euro som krisestøtte.

Spekulantane på børsen veit at krisetider kan øydeleggje formuar. Men dei kjenner også Joseph P. Kennedy si innsikt. Og kvar ein dag arbeider dei for at nett dei skal tene svært mykje under krisetida. Når ein summerer opp etter ei krisetid, ser vi betre dei store mønstera i utviklinga. Har også denne gongen verdiane i samfunnet vorte meir konsentrert hjå dei rike. Det er det normale. Eller har arbeidsfolk styrka seg. Det krev sterk kampvilje og at arbeidsfolk er medvitne om at dei må støtte kvarandre i kampane.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags