Sp set eleven i fokus

Hilde Horpen

Hilde Horpen Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

I Unge Høgre sitt svar på lesarinnlegget mitt 13. februar, skriv dei at eg påstår at fritt skuleval ikkje eksisterer. Eg har aldri påstått at fritt skuleval ikkje eksisterer, men omgrepet er særs misvisande. Det er dei elevane med dei beste karakterane som i realiteten kan velje fritt. For dei elevane som har størst trong for trygge rammer, bidreg såkalla «fritt skuleval» til det motsatte. Difor seier eg og Senterpartiet ja til ei anna inntaksordning, nærskuleprinsippet.

Unge Høgre svartmålar nærskuleprinsippet i særs stor grad. Ved å legge nærskuleprinsippet til grunn, tyder ikkje det at elevane ikkje har moglegheit til å søke den linja og skulen dei ønskjer. Nærskuleprinsippet skal vere ein rett, ikkje ei plikt. Elevane kan framleis søke på andre skular og andre linjer, men elevane skal ha høve til å gå på ein nærskule om ein ønskjer det. Det fører til at også dei elevane som ikkje har dei sterkaste karakterane har moglegheit til å på ein skule i nærleiken. På den måten unngår me at elevane blir tvungne til å flytte på hybel mange timar unna.

Senterungdomen og Senterpartiet heiar på dyktige lærarar og gode fagmiljø. Me har tillit til lærarane i skulen og at dei utfører sin jobb for, og med, elevane på best mogleg måte. Me har tillit til lærarane, og me har tillit til elevane. Eleven skal alltid stå i sentrum, uansett.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags