Sp åtvarar sterkt mot den framlagde kvotemeldinga

NEGATIVT: Tiltaka i den nye kvotemeldinga vil påverkre lokalsamfunna på kysten negativt, og vil føre til auka sentralisering, skriv artikkelforfattaren. Bildet viser Fiskebas.

NEGATIVT: Tiltaka i den nye kvotemeldinga vil påverkre lokalsamfunna på kysten negativt, og vil føre til auka sentralisering, skriv artikkelforfattaren. Bildet viser Fiskebas.

Av
DEL

LesarbrevNår ein ferdes i den nye kommunen vår er det rart å sjå føre seg tilvære her utan fisken- og fiskerinæringa. Havet var grunnlaget for busetjing her for tusenar av år sidan.

I 1860 vart Florø by grunnlagt kring eit eventyrleg sildefiske. For dei gamle kommunane Flora og Vågsøy har fiskeri og aktiviteten kring fiskerinæringa vore bærebjelken. Fisken og dei innovative- og arbeidssame reiarlaga har lagt grunnlaget for samfunnsutviklinga på kysten det siste århundredet. Kvar arbeidslass på sjøen, skapar minst 3 arbeidsplassar i land, som viser at sysselsetjinga er betydeleg, og heilt naudsynt for våre område. I gamle Vågsøy aleine er over tusen arbeidsplassar knytt til marine og maritime verksemder.

I Kinn Kommune er det 75 registrerte fartøy (jmf. Fiskeridirektoratets statistikk). Av desse er det 31 i Florø og 44 i Vågsøy. 9 fartøy er over 21 meter, med tilhøyrande storleik på mannskap, kvoter, fangst og omsetning. Dette er store bedrifter som kvar for seg omsette for titals millionar. Mange av desse vel å nytte lokale leverandørar til vedlikehald, og service, samt proviant og utstyr som f.eks line/garn, og nøter. Det er vanskeleg å sjå føre seg samfunnet vårt utan desse arbeidsplassane.

Som eit eksempel på dette handla reiarlaget Fiskebas i 2019 for til saman 8,4 millionar utanom skattar og avgifter hos 36 ulike selskap i Florø. Reiarlaget Veststeinen AS gjer ut ein linebåt frå Måløy. Dei sysselset rundt 30 personar, og i 2018 leverte dei ei omsetning på over 70 millionar. Vel 25 av desse gjekk med til innkjøp av varer og tenester i lokalsamfunnet.

DNB sin ringverknadskalkulator viser at bedrifta Selstad AS i Måløy bidrog med over 115 millionar i skattatar og avgifter i fjor. Ifølgje kalkulatoren tilsvara det 24 lærarårsverk, 32 i politiet, 25 hjartetransplantasjonar og 7 kommunale krisesenter. Stadyard i Måløy har blitt analysert av møreforsking som kom fram til at for kvar av deira til saman 40 tilsette, vert det sysselsatt omlag 5,4 nye arbeidstakarar blant underleverandørar. Dette er nokre heilt konkrete eksempel på kva ringverknadar fiskerinæringa har, både lokalt og nasjonalt.
Den 31. mars i år skal Stortinget behandle den mykje omtala kvotemeldinga. Ei samla fiskerinæring, og Norges Fiskarlag har gått ut og åtvara mot konsekvensane den vil medføre.

Tiltaka i meldinga vil påverkre lokalsamfunna på kysten negativt, og vil føre til auka sentralisering. Eit av tiltaka i kvotemeldinga er å innføre ein statleg kvotebank. Dette vil, ifølge dei lokale aktørane slå veldig uheldig ut for reiarlaga i Kinn. Dette er også påpeika av bankane som finansierar næringa. Norges Fiskarlag legg også til grunn at ved å forlenge dagens strukturkvote, slik regjeringa legg opptil, handla ein stikk i strid med føresetnadane for heile kvotesystemet.

Når signala frå både næringa og faglaga er så tydelege, må vi vi som folkevalde ta utfordringane på alvor. Kinn Senterparti ynskjer å sende tidlige signal til vår stortingsgruppe ved å legge fram ei resolusjon til vårt fylkesårsmøte, der vi åtvarar sterkt mot den framlagde kvotemeldinga. Vi merka oss allereie at uttala får brei støtte bland lokallaga på kysten. Vi kjem til å følge dette tett opp i eigen organisasjon.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags