Frivillige og søppelplukking

Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevEg veit at dei fleste asylsøkarar og innvandrar svært gjerne vil ha ein jobb å gå til.

Å sitte på eit mottak og vente er ikkje noko dei ønsker. Så det er flott at dei melder seg til å gjere ein frivillig innsats. Men eg får ein flau smak i munnen når det vi kjem fram til er at dei kan plukke opp bosset etter oss! Eg synest rett og slett det er flaut på vegner av meg sjølv, kommunen og landet.

«Kommunen rekk ikkje over alt» står det i artikkelen. Og då er det heilt greitt at ei frivillig gruppe tek over arbeidet? På andre område i kommunen rekk dei heller ikkje over alt, til dømes er det for få heimehjelper. Er det greitt at ei frivillig gruppe kjem og tek over den jobben?

Å ja, språket kunne vere eit problem. Men å vaske golv og støvsuge burde gå greitt utan flytande norskkunnskapar.

Å rydde søppel er sjølvsagt ei viktig oppgåve. Men det er ein uskikk at folk, både unge og eldre hiv frå seg søppel over alt. Nettopp difor er det ikkje greitt at ei frivillig gruppe skal gå inn på ei fast ordning å plukke søppel.

Eg føler det blir som å seie: «Berre fortsett å hiv søppel rundt omkring, for vi må jo sysselsette alle flyktningane som kjem» Det blir eit heilt feil signal både til oss som bur her no og til dei som kjem.

At ei frivillig gruppe kan få ansvar for til dømes Hafstadparken, både til hagearbeid og rydding i lag med kommunetilsette kan sikkert vere greitt. Men ikkje berre å gå gatelangs å plukke søppel fordi kommunen ikkje rekk over det, nei alvorleg talt!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags