Sommarhelsing frå Sunnfjord Høgre

Kommunestyregruppa i Sunnfjord Høgre. Oppe frå v.; Steinar Kvame, Leif Olstad, Anne Lilleaasen, Paula K. Lesto, Dag Rune Mallasvik, Dag Inge Roska, Olve Grotle, Laila V. Helgheim og Mathias Råheim.

Kommunestyregruppa i Sunnfjord Høgre. Oppe frå v.; Steinar Kvame, Leif Olstad, Anne Lilleaasen, Paula K. Lesto, Dag Rune Mallasvik, Dag Inge Roska, Olve Grotle, Laila V. Helgheim og Mathias Råheim. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Sunnfjord Høgre legg bak seg eit hektisk halvår i Sunnfjord kommune.

Det har vore mange saker og mykje å sette seg inn i når fire kommunar blir til ein. I tillegg har det vore ein spesiell vår med Covid-19 pandemi. Vi har alle vist ei stor dugnadsånd og samfunnet har heldigvis begynt å opne opp igjen, men fortsatt er det restriksjonar og mange er permittert eller utan jobb.

Vi er sjølvsagt bekymra for dei delar av næringslivet som lir og som vil slite i lang tid framover og store delar av kulturlivet i Sunnfjord har dessverre stoppa opp. Vi håpar at nordmenn ferierer i heimlandet i sommar for å støtte reiselivet.

Vi i Sunnfjord Høgre har blitt gode på digitale møter, som mange andre, og mange har hatt heimekontor, men det er det ikkje alle som har hatt moglegheiten til.

Vi må nytte høve til å rette ei stor takk til alle som har gått på jobb og risikert smitte kvar dag. Etter vår meining har heile regjeringsapparatet med vår statsminister og helseminister handtert koronasitusjonen på ein trygg og stødig måte. Det same i Sunnfjord kommune, der har administrasjonen gjort ein framifrå jobb!

Trass koronasituasjonen har alle kommunestyremøtene unnateke eit blitt gjennomført, då var det formannskapsmøte i staden.

Vi ønskjer å trekke fram nokre saker vi er stolte over å ha fått gjennomslag for i kommunestyret så langt i 2020:

* Fleirtal for nei til ølrom og like opningstider i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.

* I Førdepakken har vi fått gjennomslag for at før tiltak i Fjellvegen vert gjennomført, skal det ligge føre ein vedtatt plan for etablering av nye p-plassar.

* Utbygging av breibanddekning i fleire nye områder.

* I økonomiplanen fekk vi fullt gjennomslag på alle forslag;
- Sikre matombringing til pensjonistar i Sunnfjord.
- Utgreie fordelar/ulemper ved å bygge ny, privat barnehage i Førde.
- Bevilge 2 millionar til eit forprosjekt for utbygging av ny symjehall i Førde.
- Gjennomslag for å behalde Sunnfjord utvikling.
- Klargjere planar for Friskhuset i 2021.
- Husleigetilskot til Dragehallen vert løyvd med kr 500.000,- per år i perioden
2021 til 2023.
- Satt i gang arbeid med forprosjekt for utbetring av Førde Barneskule og Sande skule.

Vi samarbeider godt med dei andre partia og vi skal halde fram med å jobbe for dei gode løysingane for innbyggarane i den flotte kommunen vår.

Ha ein riktig god sommar, ta vare på kvarandre og vask hendene.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags