Sommarfuglen, flaggermusa og viruset

FØREMON: Korona-pandemien syner korleis ein desentralisert struktur og produksjon i mindre og spreidde einingar er ei føremon. Her frå Bekkarfjord i Finnmark med det nordlegaste mjølkebruket i verda. Mykje av dette har gått tapt i Noreg. Kan den største krisa i vår tid snu utviklinga? spør artikkelforfattaren

FØREMON: Korona-pandemien syner korleis ein desentralisert struktur og produksjon i mindre og spreidde einingar er ei føremon. Her frå Bekkarfjord i Finnmark med det nordlegaste mjølkebruket i verda. Mykje av dette har gått tapt i Noreg. Kan den største krisa i vår tid snu utviklinga? spør artikkelforfattaren Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

For å illustrera kor vanskeleg det er å spå vêret sa den amerikanske meteorologen Edward Lorentz at vengeslaga frå ein sommarfugl i Brasil kan utløysa ein tornado i Texas. Korona-pandemien syner korleis andre ørsmå brikker i det store spelet kan få store følger på motsett side av kloden: Ein kinesar som åt ei flaggermus, eller kva no årsaka var, har ført til sjukdom, død og økonomisk krakk verda rundt.

Bortsett frå å freista å unngå menneskeskapte klimaendringar, er det ikkje så mykje vi får gjort med vêret. Med moloar, rassikring og solide bygg gjer vi vårt beste for å verna oss mot det. Mot spreiing av sjukdomar har vi gjort det motsette; Gjennom sentralisering, stordrift og fri flyt av det meste mellom himmel og jord er vernet bygd ned.

Lågprisjaget i internasjonal luftfart har gjort mogleg ein enorm mobilitet for nordmenn og andre privilegerte. Om resten av menneska byrja å te seg like eins, ville kloden ut frå eit miljø- og ressursperspektiv snøgt knela. London, Paris og New York har i seinare år vorte mål for helgeturen, og Syden-feriar både éin og to gonger i året vert av nokre nærmast sett på som ein menneskerett. For Moder Jord sitt velbefinnande er det slik sett kan hende ikkje berre negativt med eit lite steg attende, ei heller skadeleg om folk får meir sans for feriar i nærområdet og oppdagar perler i eige land. Samstundes treng vi velfungerande trafikktilbod i lufta også etter denne krisa. I norsk topografi er fly dessutan ofte, ikkje berre det mest formålstenlege, men også eit miljømessig konkurransedyktig transportmiddel.

Jakta på det billegaste har ikkje berre ført nordmenn i flokk på svenskehandel. Ein uhemma global marknad der omsyn til miljøet og arbeidsvilkår alt for ofte lyt vika, er ein dans rundt gullkalven med høg samfunnsmessig pris. Fisk som vert sendt frå Noreg til Kina for foredling før retur til Europa, er eit grotesk døme på korleis vi har stilt oss. Landbruket har lenge merka problematikken. Medan vi i prosent av inntekt aldri har betalt mindre for maten (ca. 10 prosent), er omkvedet at alt er så dyrt. Norske bønder er ein truga rase av di høglydte røyster meiner det vil vera så mykje betre og billegare å importera fødevarer frå utlandet, gjerne òg frå land i den tredje verda kor tilsvarande prosentsats er opptil 80 og svolt er like vanleg som fedme hjå oss.

Marknadsliberalistiske filosofiar har drive utviklinga i ei retning som gradvis har rive ned ein stor føremon ved landet vårt, produksjon i mindre og spreidde einingar. Lukkelegvis har vi eit stykke att til dei enorme monokulturane i jordbruksarealet og megastore besetningar i husdyrhaldet andre stader i verda. Slike er årestadar for plante- og dyresjukdomar og storforbrukarar av sprøytemiddel og antibiotika. Mat frå slik produksjon som grenselause handelsvarer gir auka utfordringar i smittevernet. Effekten av penicillin vert svekt i takt med at bakteriane vert meir resistente, og salmonella-utbrot får meir omfattande konsekvensar. Eit ferskt døme på sårbarheita i den globale matsituasjonen er svinepesten i Kina. Millionar av grisar, vert brende eller gravne ned.

Med ei slik røynd som bakgrunn er Noreg nede på ein skremmande låg grad av sjølvberging. Sterke krefter vil bringe den ytterlegare nedover. Med klimakampen som påskot og openberr tru på at husdyr prompar mindre i utlandet, argumenterer dei for å legge brakk endå mykje meir av mødesam opparbeidd norsk kulturlandskap og lata verdifulle utmarksbeiter stå ubrukte.

Trua på uavbrote straum av billege varer over grensene har ikkje berre ført til opphøyr av eigenproduksjon på ei rekkje område. Beredskapslagera er òg kraftig reduserte. Korona-krisa har avdekt korleis styresmaktene ved salet av Norsk Medisinaldepot gav frå seg eit viktig instrument for å sikra forsyning av legemiddel og smitteverneutstyr. Den amerikanske giganten McKesson, som no eig NMD, burde fjerna «depot» frå namnet. Pr. definisjon skal det der vera oppbevart større mengder materiell for seinare bruk. No når det trengst som mest pga. korona, manglar vaksinar mot lungebetennelse. Nye forsyningar kan dryge i veker.

Innanfor matvaresektoren er politikken til sitjande styresmakter basert på at: «både nasjonal produksjon og import langt på veg kan bli halde oppe også i kriser». Derfor har dei mellom anna sagt nei til beredskapslagring av korn. «Død kapital» og «for dyrt å driva», vert det sagt. Skal tru om dei same kloke hovud lèt vera å forsikra husa og hyttene sine?

Brannar, flaum, andre naturkatastrofar og kriser har synt kor viktig det er med lokalt plassert øvrigheit, forvaltning og kompetanse. Ref. Lærdal, Flatanger, Sokndal, Odda og Flåm! No att vert det i norske bygder sett krisestab som med nærleik og lokalkunnskap taklar vanskelege situasjonar. Hardt smitteråka Frosta er av dei som på framifrå vis tok ansvar. Høgre-ordføraren der kunne ikkje sagt det betre: «Her ser ein fordelen ved å vera ein liten kommune». Reformpsykosen som har ridd landet med samanslåingar av fylke, kommunar, lensmannskontor, sjukehus osb. har effektivt sparka beina under mykje av denne typen beredskap.

Vi skal ikkje slutta å reisa. Framleis skal vi kunna oppsøka og verta kjende med andre land og kulturar. Internasjonal handel skal heller ikkje stogga. For eit land i det kalde nord er det turvande med import av så mangt samstundes som vi skal eksportera av det vi har i overflod. Korona-krisa bør likevel vera ein vekkar og markera eit tidsskilje.

Mykje kan ordnast og livet vera rikt utan å flytta så mykje og ofte på seg. Den nasjonale sjølvforsyningsgraden lyt aukast kraftig. Internt i landet lyt det òg verta satsa meir på lokalt produserte og kortreiste varer. Det lyt verta slutt på nedlegging av meieri, slakteri, sjukehus og andre samfunnsfunksjonar. Desentralisering og stadleg leiing er svaret på mange av utfordringane i vår tid. Akkurat som vi hyrar oss mot sommarfugleffekten, vil vi då stå mykje betre rusta neste gong nokon får lyst til å setja tenna i ei flaggermus.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags