Har dei kaldt alkoholfritt øl i butikken din?

Tørstedrikk.

Tørstedrikk. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Ein tur i Førdebutikkane laurdag 28. juni 2018 viser at det kun er CoopMega og Bunnpris på Bruland som kan tilby kaldt alkoholfritt øl! Eg vil gi honnør til dei!

DEL

LesarbrevI den varmaste sommaren i manns minne er det viktig å få i seg nok væske for å halde seg frisk. Vatn er det beste, men det er no slik at vi av og til vil kose oss med noko anna.

Mange synest etter kvart at alkoholfritt øl er eit bra alternativ i varmen, og salet av det har auka i Noreg denne sommaren. Minst 12% auke samanlikna med i fjor. Positivt!

Det skal nemleg ikkje drikkast meir enn to alkoholeiningar, t.d ølboksar dagleg for ei kvinne, og noko meir for ein mann før ein har det som vert rekna for risikobruk!

Øl er god tørstedrikk, vert det sagt. Det er grunna smaken.

Når smaken på alkoholfritt øl er vorten så bra som no, er alkoholfritt øl mange gonger så bra tørstedrikk som vanleg øl med alkohol, som har ein sterkt dehydrerande verknad!

Men vi får nesten aldri tak i kaldt alkoholfritt øl i butikken!

Kjølerom og kjøleskap er visst kun for det det andre ølet og brusen, ser det ut til. Diverre.

Handlar vi på dei andre må vi setje ølet i kjøleskapet heime og vente eit døgn til det er vorte kaldt.

Enkelt? Nei! Rusførebyggande frå butikkjedene? Nei!

Dei reklamerer med billeg frukt og grønt, og at dei vil at kundane deira skal leve sunt.

Men dèt vert lite truverdig når ein ser korleis dei markedsfører og sel alkoholfritt øl, som er eit sunt alternativ. Det skal  seljast, og tenast pengar. Eg er redd for at butikkane har så mykje meir avanse på alkoholølet at dei ikkje ønskjer å selje alkoholfritt!

Einar Solheim.

Einar Solheim. Foto:

Er det ikkje ei av butikkjedene som hevdar at det enklaste er det beste?

Det enklaste og beste for kunden er å kjøpe kaldt alkoholfritt øl som ein kan drikke når ein kjem heim! Mange ville sett pris på det.

Ta utfordringa, butikkar i Førde! Dette er faktisk på gang andre stader i landet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags