Som å køyre bil med nedrulla bakrute

INFRALYD: Reguleringsplanen for Lutelandet set ei øvre grense for rotordiameter på 135 meter. Aukar kommunen grensa til 150 meter, påfører dei samstundes naboane over 50 prosent meir infralyd, skriv artikkelforfattarane.

INFRALYD: Reguleringsplanen for Lutelandet set ei øvre grense for rotordiameter på 135 meter. Aukar kommunen grensa til 150 meter, påfører dei samstundes naboane over 50 prosent meir infralyd, skriv artikkelforfattarane.

Av
DEL

LesarbrevVil politikarane i Fjaler akseptere eit tiltak, om dei visste at det ville påføre hundrevis av innbyggarar i ein omkrins på 15 km store helseplager? Nei, det er utenkeleg. Men på Lutelandet kan kommunen vere i ferd med å gjere nettopp det. Lutelandet vindkraftverk vil reise 10 vindturbinar og søker dispensasjon frå kommunen sin reguleringsplan for å auke diameteren på turbinblada til 150 meter. Dette er 15 meter lenger enn det reguleringsplanen opnar for. NVE skriv i opphavleg konsesjon at utbyggar vil bruke turbinar med rotordiameter på 86 meter.

At vindturbinar skapar store mengder lågfrekvent støy, er uomtvisteleg. Lågfrekvent lyd er forbunde med helseplage. Grovt sett aukar produksjon av infralyd, <20Hz, frå vindturbinar med det firedobbelte når sveipearealet vert dobla. På Lutelandet vil støyen som øyret ikkje oppfattar, auke med det mangedobbelte av planane frå 2011. Reguleringsplanen for Lutelandet set ei øvre grense for rotordiameter på 135 meter. Aukar kommunen grensa til 150 meter, påfører dei samstundes naboane over 50 prosent meir infralyd. Naboar er i denne samanheng alle som bur eller jobbar nærmare Lutelandet enn minimum 15 km i luftlinje. Infralyd er langbølga og vert i liten grad dempa av luft, vegetasjon og bygningar.

Alt på 1980-talet dokumenterte forsking i USA aukande helseplager i takt med aukande storleik på vindturbinar. Ein pilotstudie i Satakunta og Nordbotten i Finland frå 2016-2019, viste det same. Den omfatta rundt 200 personar i 50 familiar og påviste følgande endringar i helse: søvnforstyrringar, trøyttleik og ulike former for smerte. Det var om lag tre gonger så mange uheldige og alvorlege symptom innanfor 15 km frå vindturbinane som blant dei som budde 20 km borte. Spørsmåla personane fekk, var ikkje knytte opp til vindkraftverka i området.

Sovjetunionen vedtok i 1980 grenser for tillaten infralyd i industrien og i bustadar. Dette var basert på korleis infralyd verkar på biologisk vev og organ. Støygrensene vart ytterlegare skjerpa i 1986 og for Russland i 1996. Fleire andre land har også grenser for infralyd.

I Noreg meiner kraftindustrien og styresmaktene at infralyd er eit ubetydeleg problem. Målingar blir ikkje kravd, sjølv om det finst omfangsrike bevis på at høyrbar og ikkje høyrbar støy og infralyd fører til irritasjon og uønskte helseplager hjå ein stor del av befolkninga. Skaden skjer fordi kroppen vert sett i ubevisst alarmberedskap.

Føre-var-prinsippet tilseier stogg i utbygging av vindkraftverk innanfor 15 km av busetnad. Vindkraftindustrien kan ikkje lenger få spele på usemje blant såkalla ekspertar, slik asbest- og tobakksindustrien halde på med i fleire tiår.

Fjaler kommune kan starte med å avvise dispensasjonssøknaden og krevje at infralyd vert greidd ut på Lutelandet. Og kvar enkelt av oss kan ta ein liten test: Prøv kor lenge du vil køyre bil med ei open bakrute i 40–50 km i timen.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags