Alt lys på Solund!

LYSFEST: Så snart mørket la seg over landskapet tredde den menneskeskapte lysfesten fram. Rare, vakre, overraskande lysfenomen dukka opp over alt nede i hamna.

LYSFEST: Så snart mørket la seg over landskapet tredde den menneskeskapte lysfesten fram. Rare, vakre, overraskande lysfenomen dukka opp over alt nede i hamna. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Om kva som skjer når åtte hundre sjeler møter havblikk og måneskin mellom tusen øyar.
Det er oppleving stor nok for ein indresogning å komme ut i havgapet til havet, himmelen og fjellknoltane som utgjer øyriket Solund. Når ein dertil vert invitert inn i ein festival som feirar lyset og utforskar djupet så kreativt som her, ja då vert ein sæl!

Opninga av Lysfestivalen fredag 15. november gjekk me dessverre glipp av, men laurdagen gav opplevingar så det heldt: I tunet på Næringsbygget på Hardbakke inviterte næringslivet i Solund til marknad. Barnas turlag ville ha med fleire på tur, 10. klasse samla pengar til klassetur, lokale matprodusentar, bruktbutikken og mange andre stilte med bodar og skapte trivsel og folkeliv. Det var kaldt i Solund denne dagen, men folk treivst og varma seg rundt bålpannene. Ramnenipa sto som ein vernande vegg bak marknadsplassen, opplyst av ei sol som ingen lysfest kunne måle seg med.

Så snart mørket la seg over landskapet tredde den menneskeskapte lysfesten fram. Rare, vakre, overraskande lysfenomen dukka opp over alt nede i hamna. Dei var i graset, i lufta, i strandkanten, ja, til og med under vatn. Og i den gamle kafeen på brygga steig me inn i ei undersjøisk verd av lys og fargar, kreativt presentert av barnehage- og skuleungane i Solund.

Etter ei stille vandring mellom alle lyspunkta i Hardbakke hamn venta ei ny oppleving i kyrkja. Opningsnummeret sette tonen. Det bestod av slagverk og fargerike lyseffektar mot kyrkjeveggane. Spennande! Frå batteriet innanfor alterringen styrte så konsertmeister Thomas Frøyen denne kulturstunda med stø hand. Me fekk to satsar frå Årstidene av Vivaldi for klaver og fiolin. Rein nyting!

Men ungdomen tok prisen. Ein pur ung gut song nyare låtar med ei stemme det kjem til å gå gjetord om. Ei ung dame spelte fløyelsmjukt på kornett. Konserten vart avslutta med ei gruppe frå ungdomskorpset som spelte to feiande flotte verk med titlane Skate og Lyr, i tråd med tema for Lysfesten. Det skada ikkje å avslutte kvelden med å ete kveite på Skafferiet.

Gratulere med Lysfesten, Solund kommune, med ordførar Gunn, kultursjef Gry Buene, volontørane frå det store utland og alle andre gode krefter. Og til alle som ikkje var der i år: set av same helg neste år. Alt lys på Solund!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags