Stopp aldri å seie Sogn og Fjordane!

KLUMP: Eg får klump i halsen og tårer i auga av å tenkje på at Sogn og Fjordane er viska vekk frå kartet, skriv Dordi Boksasp Lerum

KLUMP: Eg får klump i halsen og tårer i auga av å tenkje på at Sogn og Fjordane er viska vekk frå kartet, skriv Dordi Boksasp Lerum Foto:

Av
DEL

Lesarbrev1. januar skjedde det som ikkje skulle skje. Sogn og Fjordane fylkeskommune vart lagt ned. Sanninga no er at to har blitt eitt, og namnet er «Vestland».

I det nye storfylket Vestland kjem sogningane til å utgjera 6 prosent av befolkninga, sunnfjordingane om lag 6 prosent, og nordfjordingane i underkant av 5 prosent.
Til saman blir Sogn og Fjordane altså berre 17 prosent av Vestland. Kanskje teknisk, men tala er kritiske.

Fordi me utgjer so liten prosentdel, missar me mykje av makta over oss sjølve. Som ein konsekvens av denne maktfråskrivinga kjem premissane me sjølv, over mange tiår og hundreår, har vore med å forma til å verte øydelagde. Den flotte desentraliserte strukturen vi har no kjem sakte men sikkert til å vaskast ut, og tenester og makt blir sentralisert og flytta vekk ifrå fylket vårt.
Det hjelper heller ikkje at vi reint geografisk liksom blir utkanten av utkanten.

Eg kjem aldri til å slutte å sei at eg er frå Sogn og Fjordane.
Trivselsfylket, framtidsfylket, annleisfylket.
Staden med høge fjell og djupe fjordar. Der folket trivst og elevane gjere det bra på skulen. Der dei jordnære og usjenerte folka held til. Grasrota. Me som verkeleg veit korleis landet vårt er.

Det å seie at ein er frå Sogn og Fjordane er rett og slett ein identitetsmarkør. Eg føler at politikarane og regjeringa rokkar ved identiteten min når dei slår saman fylket vårt med Hordaland.

Eg får klump i halsen og tårer i auga av å tenkje på at Sogn og Fjordane er viska vekk frå kartet. Eg meiner heile regionsreforma er svært uklok og uheldig, og eg syns det er urettferdig at betrevitande politikarar berre gjer dette i ei enkel avgjersle.
Utan å høyre med folket først.

Men kampen er ikkje over.

Me skal skrika høgt. Me skal stå på vårt. Me skal ropa når me er ueinige. Aldri skal me halda kjeft. Aldri skal me stoppa å meina.

Aldri skal me stoppa å sei, Sogn og Fjordane.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags