Treng du elektrisk rullestol?

Elektrisk rullestol

Elektrisk rullestol Foto:

Av
DEL

LesarbrevFleire private aktørar tilbyr no sal av elektriske rullestolar til menneske med nedsett funksjonsevne. Vi meiner at dette ikkje er forsvarleg, og at det kan føra til auka risiko for skade for både den som brukar rullestolen og for medtrafikantar.

Lov om Folketrygd gjev menneskje med varig og vesentleg nedsett gangfunksjon høve til å låna elektrisk rullestol etter søknad til Nav Hjelpemiddelsentral i kvart fylke. I Sogn og Fjordane er det i dag lånt ut om lag 900 elektriske rullestolar, og dei fleste av desse vert brukt  utandørs.

Ved å gjera seg nytte av det offentlege formidlingssystemet, vil dei som treng elektrisk rullestol bli ein tryggare brukar av rullestolen mellom anna fordi:

  • Behovet vert grundig kartlagt i samarbeid med lokal formidlar. Her vert det vurdert om den det gjeld har naudsynt funksjon (syn, merksemd, vurderingsevne, reaksjonsevne, motorikk m.m.) til å kunna ferdast trygt i trafikken. Ein slik rullestol veg gjerne 150 kg, og kan køyra inn til 10 km/t. Det er stor fare for skade ved feil bruk.
  • Dei får naudsynt og systematisk opplæring, som vert skriftleg dokumentert. Opplæringa inneheld avgjerande informasjon om vegtrafikklova, der det mellom anna er klart at ein som brukar av elektrisk rullestol skal ferdast som ein gåande i trafikken.
  • Val av type rullestol vert gjort etter grundig kartlegging og eventuell utprøving av ulike modellar.
  • Dei vil få naudsynt tilpassing av rullestolen slik at den fungerer så godt som råd tilpassa behovet som den einskilde har.
  • Dei vil få naudsynt oppfølging. Oppfølging vil avdekka eventuelle endringar i behovet. Ved endra behov, kan rullestolen tilpassast, eller ein annan rullestolmodell som dekker det nye behovet kan lånast ut frå NAV Hjelpemiddelsentral.
  • Rullestolane og leverandørane er kvalitetssikra gjennom NAV sine grundige sentrale innkjøpsprosessar og rammeavtalar, som gjeld for heile landet.
  • Rullestolen vi ikkje kosta noko; utlånet er gratis så lengje behovet er til stades.
  • Rullestolen er forsikra hjå NAV, som er sjølvassurandør.
  • Dei vil få naudsynte reparasjonar og deleleveringar utan kostnad.

Vi har i Noreg  utvikla eit godt og fagleg forsvarleg system for formidling av elektriske rullestolar. Lokale formidlarar i kommunane er utdanna innan helsefag (fysioterapeutar, ergoterapeutar o.a.), og dei må gjennom eit obligatorisk godkjenningsprogram for å kunna gjera dette arbeidet. Dette inneber gjennomføring av både teoretisk og praktisk kurs. I tillegg har mange av desse formidlarane årelang erfaring med slik formidling.

Bakgrunnen for denne godkjenningsordninga var at det årleg skjer mange alvorlege ulukker i trafikken der brukar av elektrisk rullestol er involvert. I 2014 skuldast 64% av desse ulukkene brukarfeil. Difor sette Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) fram krav om obligatorisk opplæring for dei som skal formidla elektriske rullestolar gjeldande frå 1.1.2016.

Til no er det 107 fagfolk som har gjennomført denne opplæringa ved NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane, og som då er godkjende formidlarar.

Det er no fleire private aktørar som formidlar sal av elektriske rullestolar utanom dette offentlege formidlingssystemet, og desse marknadsfører seg i godt i ulike media. Dette er ikkje ulovleg så lengje dei aktuelle rullestolane har dei naudsynte godkjenningane som gjeld i Noreg.

Men: Vi er uroa for tryggleiken til dei som kjøper og brukar elektrisk rullestol privat, og  for andre gåande mjuke trafikantar som ferdast saman med dei.

Vi vil difor tilrå at dei som har behov for elektrisk rullestol tek kontakt med fagpersonane i kommunen som har dette som arbeidsfelt, og som har den naudsynte kompetansen til å gjera slik formidling. På denne måten vil vi førebyggja og redusera ulukker i samband med brukar av elektrisk rullestol, og dei som treng det vil få ein rullestol som dekker behovet på best mogleg måte. Tryggare for dei som brukar rullestolen, og tryggare for alle mjuke trafikantar.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags