Fylkeskommunen satsar på framtida

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarSogn og Fjordane fylkesting vedtok historisk høge satsingar innanfor både skule og samferdsel under fylkestinget sist veke.

I kommande fireårsperiode skal vi investere rekordhøge 4,8 milliardar. Mesteparten av denne storsatsinga går til skule og veg, og vi set inn 1,3 milliardar av fondskapitalen vår. Satsinga vil vere med å ruste oss for framtida og skape høg byggeaktivitet i fylket vårt dei kommande åra. Det viser eit fylkesting som er villige til å satse på framtida.

Betre vegar og god kommunikasjon skaper vekst og utvikling, og er heilt avgjerande for næringslivet i eit distriktsfylke som vårt. Vi har vedteke ein offensiv regional transportplan der fylkestinget har løyvd investeringar på totalt 3,5 mrd. kr over fire år – det er ei rekordstor satsing på veg. Vi skal sikre ein framtidsretta infrastruktur på Vestlandet, og det er kjekt å sjå at dette vert feira i kommunane, sjølv om vi ikkje greier å innfri alle behov og ynskje.

Fylkestinget har sagt ja til bruk av ferjeavløysingsmidlar og vil søkje om ferjeavløysing til prosjektet Ytre Steinsund i Solund. Dette vil bidra til å binde øykommunen tettare saman og lokalbefolkninga har stått på for dette prosjektet i årevis. Fylkestinget har også løyvd planleggingsmidlar til Atløysambandet.

Vi skal bruke 1,2 milliardar til rassikring dei neste fire åra, og det er heilt nødvendig i eit fylke med vegar som er svært utsette for ras og skred. Det inneber at vi kan rassikre Flovegen i Stryn, fv. 53 Ljoteli i Årdal, og kan starte rassikring av Kjeneset i Balestrand. Det vert også løyvd planleggingsmidlar til rasutsette fv. 609 Heilevang, som er neste på prioriteringslista.

I Sogn og Fjordane er fylkeskommunen største vegeigar med 2648 km fylkesveg i krevjande natur, og store behov for å oppgradere vegnettet. Vi fullfører no fv. 60 Olden-Innvik som skal opnast til våren, det same gjeld Førdepakken, samt ei ekstra satsing på gang- og sykkelveg.

Engasjementet har vore stort under vegdebatten og prosessen med regional transportplan, og prioriteringane vanskelege. Eg er glad for at vi har fått sett av midlar til parsellar på den trafikkerte pendlarvegen fv. 57 Dale-Storehaug. Eg er glad for at vi kunne auke ramma til mindre utbetringar av flaskehalsar i Oldedalen og på Hyenvegen. Fylkestinget har også ambisjon om ei startløyving på tunnelen Svelgen-Indrehus i 2020. Under tingseta vart det òg tatt ei avgjerd på kva som er den framtidige traseen for kystvegen gjennom Sogn og Fjordane, ei sak med mykje engasjement og mange meiningar.

Og vi er glade for at den vedtekne RTP har eit sterkt miljøfokus, med ein plan for nullutslepp frå kollektivtrafikken innan 2050 i tråd med Paris-avtala. Fylkestinget er opptekne av at det vert lagt til rette for raskast mogleg overgang frå fossil til fornybare energi, samt at vi skal ha eit godt og tenleg kollektivtilbod for alle reisande. Vi håpar også det ligg til rette for nullutsleppsteknologi på hurtigbåtane når nye anbod vert lyste ut.

Takka vere ei målretta og systematisk satsing på skuleutvikling og skulebygg over lang tid kan Sogn og Fjordane vise til skuleresultat i landstoppen og lågt fråfall blant elevane i den vidaregåande skulen. . er då Firda vidaregåande skule vann den mest prestisjetunge skuleprisen i landet – «Dronning Sonjas skulepris», eit handfast bevis på kvalitetane i skulane våre. Prisen er ei stor anerkjenning av arbeidet ved skulen og ei fjør i hatten til oss som skuleeigarar. Vi held fram satsinga på ungdommane våre, og vedtaka i fylkestinget sist veke viser at vi har både evne og vilje til å gjennomføre ambisjonane våre.

Fylkespolitikarane vedtok å samle dei vidaregåande skulane i Førde i eit «Førde Campus» på Indre Øyrane. Ein ny storskule vil om nokre år vere på plass her, og den vil samle studiespesialiserande og yrkesfag i ei campusløysing. Det er òg planlagt plass til både Fagskulen og det teknologiske miljøet på Øyrane vidaregåande skule. Ei utdanningsklynge der elevane blir kjende på tvers av linjeval, og eit stort læringsmiljø med tverrfagleg samarbeid, har store fordelar og vil gje gode synergiar for framtida.

Ei anna satsing er bygging av ridehall til hestelinja på Mo og Øyrane vidaregåande skule, som startar opp allereie neste år. Dette er eit viktig grep for å sikre rekruttering til naturbruksfaga. Denne ridehallen har det vore kjempa for i mange år – og endeleg kan planane realiserast. Seinare vil det også bli rom for verkstadhall og renovering av internatet ved skulen.

Det er også lagt opp til omfattande oppgradering og rehabilitering av bygget til teknologi og industriell produksjon ved Måløy vidaregåande skule Dette meiner vi er ei framtidsretta satsing, der gode og tidsriktige lokale er med på å heve kvaliteten i opplæringa.

Fylkeskommunen bidreg til å realisere eit VilVite-senter på Kaupanger, som skal motivere born og unge til å lære real-, natur,- og teknologifag – samtidig som dette vil gje rom til nye lokale for transportlinja ved Sogndal vidaregåande. 

Dei vidaregåande skulane spelar ei viktig rolle for kompetanseheving, næringsutvikling og lokal samfunnsutvikling i fylket vårt, og det er viktig at vi held fast ved den gode skuletradisjonen vår. Mål- og strategiplanen for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2018–2021 har passande nok fått namnet «Mot nye høgder», og vi skal fortsetta å utvikle skulane i heile det nye vestlandsfylket.

Mange av prosjekta vi har vedteke, har komme i skuggen av nokre einskildsaker. Difor ønsker eg å løfte fram den ekstraordinære satsinga på skule og veg, som fylkestinget har vedteke i budsjett og økonomiplan, og Regional Transportplan. Fylkeskommunen er relevant og tek ei aktiv rolle i utviklinga, og våre satsingar vil bidra til å utvikle og styrke heile fylket. Det er viktig i ei tid då mykje er i endring!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags