Sogn og Fjordane for alle!

KJEMPE: Vi må kjempe heile året, samstundes som vi treng ei markering med ekstra fokus på denne problematikken. Alle skal kunne vere seg sjølv, utan å frykte noko, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå fjorårets festival i Førde.

KJEMPE: Vi må kjempe heile året, samstundes som vi treng ei markering med ekstra fokus på denne problematikken. Alle skal kunne vere seg sjølv, utan å frykte noko, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå fjorårets festival i Førde. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Helga 12.–14. juni, vert SoFjo pride arrangert. Det er ei viktig markering på mange måtar, sjølv om den no går digitalt. Pride markerer eit mangfaldig samfunn med plass til alle, noko som er kjempeviktig for Sogn og Fjordane, og for verda.

Verda skal vere for alle, inkludert skeive. Dessverre er ikkje det stoda i dag. I Polen har over ein tredjedel av landet erklært seg «frie for LHBT-propaganda» og i fleire land er det dødsstraff for homofili. I Noreg er vi kome lengre i utviklinga, men framleis ikkje langt nok. I Noreg har rundt 20 prosent av LHBT-personar opplevd å verte utsette for hatytringar.

Difor treng vi framleis pride, også i Noreg. Pride er ei markering av mangfaldet av kjønnsuttrykk, seksualitet, identitet og legning, samstundes som den er ein måte å vise solidaritet med dei som har det vanskelegare enn ein sjølv. Dette er noko SU og SV kjempar hardt for.

Som tidlegare nemnt er retten til å vere seg sjølv under sterkt press fleire stader i verda, og difor må vi kjempe. Vi må kjempe heile året, samstundes som vi treng ei markering med ekstra fokus på denne problematikken. Alle skal kunne vere seg sjølv, utan å frykte noko. Difor er det viktig å arbeide for rettane til skeive og vise at dei har ein like sjølvsagt plass i samfunnet som alle andre.

Sogn og Fjordane er lite og består i hovudsak av mange små plassar der «alle kjenner alle». Slike stader har fordelar, men også ulemper. Det kan vere vanskelegare å vere og stå fram som skeiv i eit lite samfunn og ein kan føle seg åleine. Difor er det ekstra viktig at vi som samfunn og sambygdingar står opp for desse personane og viser respekt og toleranse for alle.

No, under korona, når mange har hatt det vanskeleg, kan desse personane ha hatt det ekstra tøft med tanke på psykiske problem og einsemd. Difor må vi vise ekstra støtte til pride i år og vise at alle er velkomne i samfunnet. Sogn og Fjordane skal vere for alle.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags