FrP på ville vegar om SFE-aksjane

Av
DEL

LesarbrevFrank Willy Djuvik og Marita Aarvik frå Framstegspartiet (FrP) var dei to einaste i fylkestinget i Sogn og Fjordane som røysta mot overføring av SFE-aksjar til kommunane i Sogn og Fjordane. Det er særs spesielt at representantar frå eit parti som eigentleg berre vil ha to forvaltningsnivå i Noreg, med stat og kommune, og vil leggje ned heile det regionale forvaltningsnivået, går imot at eigarskap i Sogn og Fjordane Energi (SFE) vert overført til kommunane i Sogn og Fjordane.

I FrP sitt eige program står det at «Kommunen utgjør fundamentet i det lokale folkestyret og representerer nærhet, tilhørighet og mulighet for innflytelse for befolkningen». Sånt sett skulle ein tru at Djuvik og Aarvik ville ha røysta saman med resten av fylkestinget. Heldigvis gjekk dei andre fylkestingspolitikarane inn for at Sogn og Fjordane-kommunane skal få SFE-aksjar. Dette var eit heilt rett vedtak.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags