Sogn og Fjordane – det er enno tid!

OMKVEDE: Skodebrød og løftebrot har vore denne reforma sitt omkvede, dette skal ikkje Hordaland lastast for. Men konsekvensane av reforma byrjar kome til overflata, dei må takast omsyn til, skriv artikkelforfattaren.

OMKVEDE: Skodebrød og løftebrot har vore denne reforma sitt omkvede, dette skal ikkje Hordaland lastast for. Men konsekvensane av reforma byrjar kome til overflata, dei må takast omsyn til, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Førre kommunereform starta med utgreiingar i 1946 og heile prosessen tok over 20 år. Grensene vart trekte på nytt, uavhengig av gamle grenser og lagde etter nye bu- og samferdslemønster. Sjølvsagt var det protestar då og, men prosessen var grundig og ryddig.
I 2015 var det kommunestyre- og fylkestingsval, og kommunesamanslåing var den store saka. Regionsreforma sto ikkje på sakskartet i det heile. Først etter valet 2015 byrja ideen om ei regionsreform å komme til overflata og innan ein valperiode på 4 år var det heile over, og Sogn og Fjordane Fylke var borte.

Bakromsspel og hestehandel: Det er kjent at korkje Høgre eller FrP vil ha fylke i det heile. Venstresida ville ikkje endre grensene, men Venstre og KrF kravde nye regionar for å vere med på Høgre si kommunereform. Ei enorm reform vart såleis til som resultat av ein hestehandel på eit bakrom. Dette er nok vanleg i politisk praksis, men er ein skikk som ikkje er forankra i mi rettskjensle.

Taudraginga i fylkestinget i Sogn og Fjordane var prega av frykt for pisk og tvangssamanslåing. Dei fleste partia var i mot på ulike tidspunkt, men trua på at vilkår skulle ha noko å seie, vann til slutt fram. Ein endå på eit ja, med vilkår. men vilkår veg visst ikkje så tungt – og no har vi ikkje noko fylkesting i Sogn og Fjordane som kan ta saka opp att.

Konsekvensen er ei reform som nesten ingen vil ha og få tek ansvar for. Lovnader frå regjeringa om pengar og makt og overførte oppgåver liknar skodebrød. Desse lovnadane kan ikkje ha vore særleg godt utgreidde heller, når dei no fell ein etter ein. Det liknar rein improvisasjon for å trekke reforma gjennom og å få eit knapt «ja» frå fylkestinga.

Gulrøter og skodebrød: Eit samla kultur-Noreg frykta konsekvensane av å dele opp den nasjonale kulturforvaltninga i 11 ulike regionar. Heldigvis vart dette stoppa. Det profesjonelle kultur-Noreg er i dag eitt virkeområde. Ein har same vilkår i heile landet uavhengig av kvar du bur og alle institusjonar samarbeider om å bygge opp kunstnarskap.

Grenser her hadde skapt stor ulikskap. Andre forsøk på legitimering av reforma har vore barnevern, det har vist seg å vere like uforsvarleg, og er stoppa. Når det gjeld administrasjon av fylkesvegane, er det allereie ein fiasko. Fylka har ikkje vore klare til å ta denne jobben, arbeid stoppar opp, prioriteringar vert ikkje gjort, anbod kjem ikkje ut og entreprenørar står utan arbeid og naudsynte prosjekt kjem ikkje i gang. Administrasjon av fiskerihamner har hatt stort etterslep, og er ikkje finansiert. Det verkar også som ei uansvarleg overføring av makt.

Då sitt vi att med nokre breibandmidlar, nokre tomme fylkeshus, store kostnader med å bygge nytt fylkeshus og trussel om ROBEK men mest av alt frykt for lokaldemokratiet. Kring 50 prosent av veljarane i det nye fylket bur i Stor-Bergen. 17 prosent av veljarane i det nye fylket kjem frå Sogn og Fjordane. Vi vil vere i mindretal og avhengige av velvilje i alt. Er det ikkje på tida at vi trekk i bremsa?

I kjølvatnet: I skuggen av reforma er det ei anna storstilt omlegging på gong. Det gjeld alle typar lag og organisasjonar som har følgt dei tidlegare fylkesgrensene.

Partiorganisasjonar, fagforeiningar, offentlege institusjonar, interesseorganisasjonar og frivillige lag har frå sentralt hald blitt oppmoda om å søke saman til einingar som føl nye fylkesgrenser.

Her skal ulike organisasjonskulturar samlast og på kort tid einast om ny felles kurs. Ein må løyse praktiske ting som kvar administrasjon og tilsette skal halde til og kvar møter skal haldast. Ein skal finne ut korleis styra skal settast saman og kva organisasjonskultur som skal vidareførast.

Statistikk frå Frivillighet Noreg syner at oppslutninga om lag og organisasjonar er høgare i Sogn og Fjordane i høve folketalet, enn i Hordaland. Men Hordaland har fleire medlemmer totalt. Når ein organisasjon vert større – veks og mindretalet. Og i demokratiet skal kjøtvekta rå. Det meldast alt om fleire uheldige møte, der lag frå Sogn og Fjordane har kjensla av å sitte att med Svarteper og at makt og midlar er på veg sørover.

Det er opp til oss. Skodebrød og løftebrot har vore denne reforma sitt omkvede, dette skal ikkje Hordaland lastast for. Men konsekvensane av reforma byrjar kome til overflata, dei må takast omsyn til. Fylkestinget vedtok samanslåing etter omgangar med pisk og gulrot, men stilte ei rekke vilkår. Når vilkåra no fell, står ikkje vedtaket. Sit vi i Sogn og Fjordane stille, vil ingen løfte ein finger for å påpeike at vedtaket er uthola. Enno finnast her infrastruktur, kunnskap, og folk til å gjenreise fylket.

Kvar ein organisasjon skal fungere som verktøy og talerøyr for medlemane. Vert samanslåinga ståande, syner det at vi har mist makt på so mange måtar. Vi må spørje oss om det er Vestland som best vil representere oss i framtida. Om svaret vert nei, må vi ta ordet no både offentleg og i våre parti, lag og organisasjonar. Ingen kjem til å gjere noko om vi ikkje seier ifrå. Snart er tida heilt ute.

Eg vonar Viken og Troms og Finnmark vert lytta til og får skiljast. Det opp til om oss om vi får same retten.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags