Småkrafta skaper store verdiar for bygdene

KRAFTVERK: – Småkraftnæringa i distriktet har mange einingar nært knytte til landbruksnæringa, skriv innsendaren. Her frå Stardalen.

KRAFTVERK: – Småkraftnæringa i distriktet har mange einingar nært knytte til landbruksnæringa, skriv innsendaren. Her frå Stardalen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Ola Teigen og Helge Robert Midtbø har i innlegget «Kraftverdiar på avvege, har noko gått gale?» i lokalpressa nyleg mykje fokus på tilhøva i vindkraftbransjen. Men også for småkraftnæringa vert det stilt spørsmålsteikn ved samfunnsnytta og verdiskapinga.

Det går både på skattlegging, betaling for kraftnett og eigarskap. Småkraftforeninga vil med dette korrigere feilinformasjon og gi eit meir nyansert bilete av småkraftnæringa.

Småkraftnæringa i distriktet har mange einingar nært knytte til landbruksnæringa. Interesserte bønder og grunneigarar har med grunnlag i eigne fallrettar, skapt ei tilleggsnæring som har vore med på å styrke landbruket og oppretthalde livskraftige bygder. Inntektene som denne næringa genererer, er sett saman av fallrettsleige grunneigarane får som eigarar av vassressursen og eventuelt utbytte frå småkraftselskapet dei eig når det går med overskot

I tillegg til dei lokalt eigde kraftverka, finst det mange verk eigde av profesjonelle utbyggingsselskap. Blant desse er det både norske og utanlandske eigarar. Ein del grunneigarar har heile tida funne det rettast å skaffe seg ekstrainntekter ved å leige bort fallretten sin, framfor å ta full risiko og ansvar for å investere store beløp i kraftverk i eigen regi.

I dei seinare åra har det dessutan blitt vanskelegare for grunneigarar å realisere eigne verk som følgje av sterkt auka eigenkapitalkrav frå bankane. Likevel vert det framleis realisert nokre grunneigareigde kraftverk. Og ein del verk er eigde av grunneigarane i lag med utbyggingsselskapa.

Når grunneigarane leiger ut fallretten sin til eit utbyggingsselskap, vert ikkje kraftressursane selde slik situasjonen vart då fossekjøparane reiste rundt tidleg på 1900-talet. Fallretten vert leigd ut mot ei god betaling for ein definert periode. Når avtaleperioden går ut, vert det avtalt privat heimfallsrett til dei lokale fallrettseigarane, slik at kraftverket kjem i lokalt eigarskap om fallrettseigarane ynskjer dette.

Ein fallrett kan ikkje delast ifrå frå eigedomen utan kommunal godkjenning. Småkraftforeninga kjenner dei større utbyggingsselskapa som opererer på marknaden i dag som seriøse aktørar, som tilbyr fallrettseigarane balanserte avtalar som gir gode fallrettsleigeinntekter når kraftverka går godt.

Småkraftbransjen skaper store verdiar lokalt, uavhengig av kven som finansierer utbygginga av kraftverka. Inntektene frå fallrettsleige og overskot i kraftverka vert skatta på ordinær måte. Store delar av skatten er eigedomsskatt til kommunen. Eigedomsskatteordninga for småkraftverk er innretta slik at skatten for nye kraftverk vert høgare enn for næringslivet elles. Bransjen har dei siste åra betalt mellom 30 prosnet og 60 prosent av overskotet i effektiv skatt.

Dei siste åra har desse investeringane vore i 100 millionar-klassen, og dette kjem heile fellesskapet til gode i form av stabil, moderne og god infrastruktur. Dei fleste nettinvesteringane som er utløyst av nybygde kraftverk vert betalte av småkraftverka sjølv gjennom ordninga med anleggsbidrag.

I vår og sommar er mange private småkrafteigarar uroa over at kraftprisane har kollapsa til nesten null som følgje av heilt ekstraordinært store snømengder i fjellet – og ytterlegare forverra av lågare etterspurnad i pandemisituasjonen. Like fullt reknar bransjen med at situasjonen vert normalisert etter kvart. Langsiktige aktørar med kapitalbase har ikkje fått redusert interesse for småkraftsatsing. Lokale eigarar med mindre reservar må søkje å finne løysingar til prisane stig att, om nødvendig i tett samarbeid med banken sin.

Småkraftnæringa er eit godt døme på ein innovativ og framtidsretta fornybarnæring utan stort konfliktnivå med andre samfunnsinteresser. Næringa skaper store verdiar for kommunane, grunneigarane, lokalsamfunna, entreprenørane og dei som investerer i nye kraftverk. Småkraftnæringa er uavhengig av eigarskap ein viktig faktor i arbeidet med å gjere næringslivet i landet grønare og meir uavhengig av fossile ressursar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags