Slaget om Førdepakken – det går mot skjebnedagar

SLAGORD: Førde kommune hadde eit slagord; «menneska i sentrum», utan at det synest å ha påverka utarbeidinga av Førdepakken. Vi trur at mange er samde med oss om at Førdepakken – i sin noverande form – vil føre til ei dårleg og lite framtidsretta utvikling av Førde sentrum, skriv artikkelforfattarane.

SLAGORD: Førde kommune hadde eit slagord; «menneska i sentrum», utan at det synest å ha påverka utarbeidinga av Førdepakken. Vi trur at mange er samde med oss om at Førdepakken – i sin noverande form – vil føre til ei dårleg og lite framtidsretta utvikling av Førde sentrum, skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Det går mot skjebnedagar for førdianarar og sunnfjordingar.

Det nærmar seg avgjerda om Førdepakken; om korleis Førde sentrum skal utvikle seg framover. Dei som framleis står bak Førdepakken ser ut til å vilje satse vidare på denne pakken slik den ligg føre, sjølv om at den vil bety store negative omveltingar i Førde sentrum.
Trass i ei mengde avisinnlegg – over lang tid – går imot store deler av Førdepakken, ser det ikkje ut til at kommunestyrepolitikarane vil la seg påverke. Her er nok politikarane på kollisjonskurs med eit stort folkefleirtal.

Byplanen: Det ligg ikkje føre nokon Byplan for Førde, og Førdepakken sin sentrumsplan er ikkje utvikla på basis av byplanfagleg kompetanse. Difor er Førdepakken sin sentrumsplan blitt ein rein trafikkplan, utan plass for byplanmessige vurderingar. Det ser i staden ut til at Førdepakken er utført av trafikkingeniørar, som med basis i urealistisk høge trafikkprognosar har laga ein plan som gjer Førde sentrum til ein trafikkmaskin, untan tanke for slike miljømessige kvalitetar som ein elles legg stor vekt på ved ein byplan.

Planen for nye bruer over Jølstra til Hafstad, og over Løken til Langebruvegen inneber at store deler av Rv. 5, og deler av lokaltrafikken – vert ført gjennom ein del av det indre sentrumsområde, der det vil skape stor trafikk- og miljømessige ulemper. Langs denne vegstrekninga – Langebruvegen/Angedalsvegen – er det planlagt mange nye bustader. Saman med eksisterande vil det her vere om lag 250 bustader, som vil vere særleg utsette for støy- og støvplager. Det same gjeld Helsetunet, Rødekorsbygget, planlagde eldrebustader og nytt skulesenter på Indre Øyrane, som grensar opp til denne nye gjennomfartsvegen.

Det er ikkje behov for køyrebru over Løken. For dei fleste etableringane i denne delen av Indre Øyrane vil det vere fullt ut tilfredsstillande med ein tilkomstveg frå Rv. 5, og ein føremon å sleppe gjennomgangstrafikk. Og i staden for at Langebruvegen blir omgjort til gjennomkøyringsveg, bør den heller utviklast til ei miljøgate, med gangbru over Løken, som samband mellom austre del av sentrum og Indre Øyrane, for mjuke trafikantar.

Brua over Jølstra til Hafstad er det ikkje funne noko god /akseptabel løysing for. Men den vil uansett medføre store funksjonelle ulemper for området ved Førdehuset, og vil med sitt store omfang vere svært visuelt dominerande, i det vakre Jølstra-landskapet.
Denne brua bør ikkje byggast. Det som trengst er ei gang-/sykkelbru bygd ca. 70 m lenger nord, som her vil gje det beste sambandet mellom Førdehuset og Hafstadparken, og for mjuke trafikantar elles.

Viss ein tek i bruk realistiske prognosar for trafikkauke fram til f.eks. 2040–2050 (basert på Statistisk sentralbyrå), så er det ikkje behov for dette gigantiske køyreveg-opplegget, med bruene over Jølstra og Løken; og som også vil måtte omfatte eit rundkøyringsanlegg i krysset Langebruvegen/Angedalsvegen.

Derimot bør det byggast tunnel i Hafstadfjellet mellom Førde Hotell og Hafstad, som kjem i tillegg til Fjellvegen. Denne løysinga vil ikkje påføre sentrum nye trafikk- og miljøproblem, og den vil sannsynlegvis vere det billegaste alternativet, totalt sett. Her i ligg det også, at ein kan late vere å ruste opp Fjellvegen–der det er planlagt riving av 3 bustadhus + 1 bensinstasjon–og med det oppnå at Sentrum Sør får behalde gode tilkomsttilhøve, og høve til vidare utbygging/fortetting.

Ny tunnel for E39 frå Myra til Førde kjem kanskje no i første NTP periode (2022 -2033) – og det vil vere svært gledeleg – men den vil vel neppe i beste fall bli ferdig til bruk før om 15 år. Denne nye E39 vil løyse det store problemet med Halbrendslia, men framleis er det ein god del E39-trafikk som skal til og frå Rv. 5 og Førde sentrum i vest. Difor er den korte sentrumstunnelen i Hafstadfjellet viktig for å bidra til gode utviklingsvilkår for Sentrum Sør.

Ny bru til Halbrensøyra frå Øyrane vil bety god avlasting av trafikken på Naustdalsvegen (R5), ikkje minst p.g.a. redusert lokaltrafikk. Denne traseen vil meir enn oppvege den trafikkauken på R5 ein kan forvente–ut frå realistiske prognosar–i uoverskodeleg framtid.

Revisjon av Førdepakken: Samferdselsdepartementet har gjeve grønt lys for revidering av Førdepakken etter at Sunnfjord kommune vart etablert. Det er det som no må gjerast, og då med engasjement av byplanfagleg kompetanse. Både p.g.a. dei store ulempene ved dei planane som no ligg føre, og p.g.a. at desse planane er baserte på heilt urealistisk høge prognosar. Revisjonar av Førdepakken er elles allereie gjorde; eksempelvis ved fjerning av gang-/sykkelbru over Jølstra vest for sjukehuset (som må takast inn att), og ein ny og dyrare (og mindre brukande!) gang-/sykkelveg gjennom Kletten til Bergum.

Oslo-modellen: Alt for lenge har byar som Oslo blitt bygde for bilar. No er trenden å innføre bilfrie sentrumssoner, som betyr å gje gatene attende til folk. Nye gågater og fotgjengarprioriterte byrom gjer det mogeleg å ferdast trygt og fritt i eit byrom for mjuke trafikantar. I Oslo betyr bilfritt byliv å prioritere menneska i sentrum ved å la t.d. Dronningens gate bli ei gate for fotgjengarar, med små parkanlegg og bymøblar, der folk kan sette seg ned og ta ein pause.

Meiningsmåling: Førde kommune hadde eit slagord; «menneska i sentrum», utan at det synest å ha påverka utarbeidinga av Førdepakken. Vi trur at mange er samde med oss om at Førdepakken – i sin noverande form – vil føre til ei dårleg og lite framtidsretta utvikling av Førde sentrum. Det hadde difor vore ønskjeleg om Firda kunne syte for ei meiningsmåling, der ein kan slå fast om folk i Førde/Sunnfjord ønskjer vår løysing, eller om dei heller vil vidareføre Førdepakken utan større endringar.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags