DEBATT: La elevane velje sjølv!

SKULEVAL: Elias Slåtten (t.v.) og Elias Eide, begge jølstringar, her utanfor Firda vidaregåande skule.

SKULEVAL: Elias Slåtten (t.v.) og Elias Eide, begge jølstringar, her utanfor Firda vidaregåande skule. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev 

22. januar publiserte Hans Christian Knudsen i Sogn og Fjordane Sosialistisk Ungdom ein kommentar i Firda der han påstår at fritt skuleval ikkje eksisterer.

Dette viser mangel på kunnskap om dei vidaregåande skulane. Knudsen ynskjer seg eit system der elevane blir tvangsfordelt. Å true eleven sin valfridom er respektlaust og dette viser at SU-politikaren heller ikkje har tillit til elevane sine eigne val.

I Sogn og Fjordane er det mange vidaregåande skular som tilbyr ulike fag og studieretningar. Kvar enkelt skule kan ikkje klare å gje eit fullt tilbod innanfor alle studieretningar. Dette er heilt urealistisk både økonomisk og administrativt, i alle fall i eit lite fylke som Sogn og Fjordane.

Skal vi klare å halde oppe liner med høg kvalitet må vi ha solide fagmiljø og lærarar med høg kompetanse. For å få til dette må fleire skular prioritere kva område dei skal satse på.

På Firda vgs. på Sandane har ein i mange tiår hatt ei god satsing på realfag. Dette fører til at det i dag kjem elevar frå både Aurland og Solund til Gloppen for å nytte seg av dette spissa tilbodet. Ikkje fordi dei blir tvunge, men fordi dei ynskjer å nytte seg av det gode tilbodet.

Når elevane skal velje skule tek dei og omsyn til fritidsaktivitetar, familieforhold og transporttilbod. Venstresida tek altså til ordet for å avskaffe valfridomen og viser lita forståing for korleis skulevalet fungerer i praksis.

Statistikken viser at nærare 90 prosent av elevane i Sogn og Fjordane i 2018 fekk oppfylt førstevalet sitt. Dette dokumenterer at ordninga fungerer svært godt for dei alle fleste.

Venstresida vil eksperimentere med byråkratisk tvangsstyring ut ifrå postnummer. La oss heller slå ring om ei ordning som fungerer og som byggjer på tillit til at elevane sjølve kan velje sin eigen skule. Lat oss også fortsette med dette inn i nye Vestland fylke.

Noko anna vil vere å gå baklengs inn i framtida!

Les også: Fritt skuleval i fritt fall 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags