Samling av kloke hovud i eit Campus Førde

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Kommentar til Trude Brosvik om samling av kloke hovud i eit Campus Førde.

I Firda 14. juni ser eg at Trude Brosvik KRF ivrar for eit Campus Førde og bygger sin argumentasjon for dette synspunktet rundt synergieffektar av å samle kloke hovuda i Sunnfjord på ein plass. Ho seier at frå hennar side «handlar dette om å vere på ballen, tenke utvikling og tenke stort». Trude Brosvik har vore ordførar i ein av dei minste kommunane i landet i 12 år og kommunen har fire skulekrinsar. Eg er ikkje kjend med at det har vore fokus på å samle alle dei kloke hovuda i ein krins!

Torsdag 8. juni melde opplæringsavdelinga i Sogn og Fjordane at fylket er best i landet på gjennomføring i vidaregåande opplæring både på studiespesialisering og yrkesfag. Trude Brosvik viser ikkje til dokumentasjon på at skular med over 1000 elevar kan skape endå betre gjennomføringsgrad eller at slike store skular er meir innoverande enn små skular. Brosvik har vidare ein visjon om at «Næringslivet i området må komme på banen, og sjå korleis ein kan samle endå meir, slik at ein får løyst ut dei synergiane ein får når kloke hovud finn saman». Næringslivet i Gulen kommune er prega av mange små verksemder (Gulen kommune si heimeside). Eg trur det vil verte vanskeleg for dei ulike små bedriftene dersom politikarane i kommunen prøver å samle alle bedriftene i ein krins for å løyse ut synergiar når kloke hovud finn saman.

KRF er støtteparti til FRP og H sine ulike sentraliseringsreformer i stortinget. Stadig høyrer ein frå regjeringshald at store robuste einingar er det einaste rette for framtida, gjerne presentert som manna frå himmelen, men utan innhald av sukker. Eg er elles samd i at Førde er vår nærmaste by og at deler av skulane i Førde treng nybygg, men å argumentere for eit Campus Førde for å styrke oss i ein eventuell Vestlandsregion verkar ulogisk for meg. Dersom alle regionar i Sogn og Fjordane og Hordaland skal argumentere for seg og sitt slik Brosvik no gjer er ein Vestlandsregion ikkje liv laga.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags