Skuleborn, TikTok og Internett

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det er eit stort spørsmål kva som skal tillatast å bli delt og formidla til born. På ein måte skal moglegheita å lære dei om verda sine realitetar vere opne, så langt dette skjer på ein sunn måte. På den andre sida så ser ein at det ein kan kvalifisere som vaksne emnar kan altfor enkelt snike seg inn på barne- eller klasserommet.

Som naustedøl, så treffer det meg ekstra sterkt når eg les at barn ved Naustdal Barne- og Ungdomsskule har blitt formidla ein sjølvmordsvideo gjennom TikTok. Visstnok har dette materialet blitt spreidd til andre skular og born gjennom denne appen. Det kan vere vanskeleg sjølv for oss vaksne å bli introdusert til eit så tungt emne, så at det skal bli introdusert til born, og på denne måten, er utruleg vondt å høyre.

Det er mykje ein burde ha klare, trygge rammer rundt viss ein skal formidle det til born. Ein gong må dei få kunnskap om det, men då er det viktig at det skjer på ein sunn måte. Dette gjeld ikkje berre sjølvmord og anna vald. Dette gjeld og ovanfor tema som pornografi, seksualitet, pubertet, diskriminering og trakassering. Ein bør akseptere at born ikkje har komme like langt i utviklinga si som vaksne, og foreldre bør vere på pass at borna ikkje blir påverka i usunn retning. Foreldre skal sjølvsagt ha stort spelerom i oppdaginga, og det er til slutt dei som har størst autoritet i dette. Eg vil likevel komme med denne anbefalinga til foreldre.

Det er og eit spørsmål om kva tiltak som bør bli tatt mot TikTok. Går det an å stole på at ein så stor kinesisk app er tilgjengeleg for born nede i første til fjerde klasse? Viss dette er ein situasjon som oppstår igjen og igjen med denne appen, så er det på tide at styresmakter grip inn mot den. Samtidig kan TikTok vere ei bru for Kina til påverknad og innsamling. Sjølv om at det er eit privat firma bak appen, så er det alltid grenser på det private i eit totalitært regime. India har allereie forbode appen, medan Amerikanske styresmakter vurderer eit liknande tiltak. Kanskje Noreg burde vurdere det same?! Eller i det minste sette og handheve strengare aldersgrenser?!

Alt i alt, så er eigentleg internett og sosiale media i seg sjølv ein portal til ein verd som kan vere utrygg for born utan foreldres vakt. Ettersom eg har blitt kjent med internett i barndommen, så vil eg gjerne vekke foreldre som kanskje enda er ukjent med det til å passe på. Internett og sosiale media er eit fantastisk verktøy, med moglegheit for å kople saman folk frå verda over. Samtidig er det og eit verktøy som kan effektivt brukast mot barn og unge.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken