Sunnfjord – best i landet på utdanning

Kommunevalet til hausten handlar om å korleis vi skal bygge gode lokalsamfunn i nye Sunnfjord kommune der alle føler at dei er med og vi greier å bygge ein felles kultur og samkjensle, skriv Jenny Følling.

Kommunevalet til hausten handlar om å korleis vi skal bygge gode lokalsamfunn i nye Sunnfjord kommune der alle føler at dei er med og vi greier å bygge ein felles kultur og samkjensle, skriv Jenny Følling. Foto:

Av
DEL

LesarbrevKommunevalet til hausten handlar om å korleis vi skal bygge gode lokalsamfunn i nye Sunnfjord kommune. Det handlar om korleis vi kan bygge kommunen nedanfrå og opp, der alle føler at dei er med og vi greier å bygge felles kultur og samkjensle.

Det vil også handle om å bygge Førde som eit vekstsenter mellom Bergen og Ålesund, for å motverke at ikkje alt vert sentralisert til Bergen. Samferdsle vert ei kjernesak for Senterpartiet. Vi vil jobbe for gul midtstripe på E39 og utbetre innfartsvegane til Førde.

Ei godt utdanna befolkning vil vere viktig for å skape verdiar i samfunnet og det private næringslivet. Der er avgjerande for ein attraktiv by og levande bygder, og det vil trygge velferda vår.

Folka som bur i Sunnfjord er vår største kapital. Å utdanne arbeidskraft som skal bygge framtida vår er ei kommunal kjerneoppgåve. Ein god og desentralisert grunnskule med kvalitet, og barnehagar med fokus på tidleg innsats er viktige verkemiddel. For Senterpartiet vil det vere viktig å sikre prioritet for barnehageplass i skulekrinsen ein bur.

Senterpartiet vil satse på skulen. Vi vil arbeide for at Sunnfjord kommune skal ha den beste skulen i landet med høg trivsel, god kvalitet og gode skuleresultat. Dette er ei av dei viktigaste og mest framtidsretta satsingane vi kan gjere i Sunnfjord. Eit tilbakevendande tema er rådgjevingstenesta på skulane. Det er eit kontinuerleg arbeid å legge til rette for god og oppdatert rådgjeving med eit spesielt fokus på overgangen mellom grunnskule og vidaregåande.

Fylkestinget har vedteke ei storsatsing på Førde vidaregåande skule. Det skal byggast ut for over 700 millionar på Øyrane for å satse på skuleutvikling og bygge ein felles kultur mellom allmennfag og yrkesfag. Det vert bygd ridehall og verkstadbygg på Mo for å styrke naturbruksfaga. Som fylkestingskandidat vert det viktig for meg å følge opp at det som ligg inne i økonomiplanen på skule vert gjennomført.

Fagskulen har flytta inn i trivelege lokale i Concordbygget, og eit industrilaboratorium er i ferd med å bli utvikla på Førde Campus Verftet. Vårt mål er eit attraktivt vidaregåande utdanningstilbod, gode resultat og høg gjennomføring der elevane kan velje retning ut frå eigne draumar og interesser, og ikkje minst næringslivet sine behov.

Som ordførarkandidat i Sunnfjord vil eg vere ein pådrivar for at Høgskulen på Vestlandet skal satse på å utvikle høgskulen si avdeling i Førde både innanfor sjukepleie, ingeniørfag og andre behov som måtte dukke opp. Dette er eit kontinuerleg arbeid. Tilbodet må utviklast i tråd med næringslivet sine behov og trongen for helsetenester både i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Det vil vere viktig for rekrutteringa til arbeidslivet i vår region.

Vi har mange spennande og vekstkraftige verksemder i Sunnfjord. Dei syter for at vi har mat på bordet, klede på kroppen, gode velferdstenester til innbyggjarane og bedrifter som utviklar framtidas teknologi. Rekruttering av arbeidskraft er deira største hinder for vidare utvikling og vekst i arbeidsplassar. Difor vert avgjerande å utdanne arbeidskrafta lokalt, og skape vekst og auka busetting.

Forsking viser stor variasjon korleis kommunar utnyttar moglegheitene som ligg i eit samarbeid med næringslivet. Ein offensiv og optimistisk utviklingskultur der det er kort veg mellom idear og avgjerder, lokale eldsjeler, entreprenørar og frivillige, og evne til å gripe dei mogelegheiter som byr seg gjev aukar aktivitet og vekst.

Senterpartiet vil arbeide for at Sunnfjord kommune skal vere serviceinnstilt, open og tilgjengeleg kommune som er der når du treng det.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags