Vi har framleis tru på Hafs

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDale vgs. har vore viktig for å bygge ein felles identitet i Hafs-kommunane. Skulen har lukkast med å ruste elevar for arbeid i regionen og for å reise ut og ta vidare utdanning. Tida på Dale vgs. har og skapt sterke band til området, og mange har flytta tilbake dei siste åra. Årsak til at mange buset seg her, er at Hafs-samarbeidet har gitt ungdommar tru på at det er ei framtid i denne regionen, uavhengig av eksisterande kommunegrenser.

Slik det ser ut i dag er døra til SiS stengd, men døra til Haf(s) er framleis open. I diskusjonen vidare må politikarane vite at her finst framtidstru og entusiasme for å bygge vidare på samarbeidet i regionen vår. Difor må kommunepolitikarane setje seg saman og sjå på dei moglegheitene som dette samarbeidet opnar for.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags