Ja til fritt skuleval!

Av
DEL

Lesarbrev
Til våren skal ti tusenvis av ungdommar søke seg inn på vidaregåande skule. Noko av det som gjer vidaregåande så kjekt er at ein endeleg får velje ei utdanning ein sjølv vil, men det er ikkje heilt fritt. I dei fylka i landet der det ikkje er fritt skuleval, er det fylkeskommunens reglar og ikkje eleven sjølv som får bestemme.

Fritt skuleval er ei ordning som gir ansvaret, men og rettigheita, til eleven sjølv. Eleven får velje sjølv kor ein vil gå på skule. Om ein innfører fritt skuleval i alle fylke, vil dette gi moglegheit for elevar som ønsker seg ein ny start, eller å gå på draumelinja si.

Argumenta mot fritt skuleval er blant anna at det vil føre til at elevar blir sendt på hybel fordi nærskulen deira blir fylt opp, men sanninga er at dei fleste elevar søker inn på nærskulen sin. Nokon ønsker seg på ein anna skule enn nærskulen sin, og då burde politikarane legge til rette for dette.

Fritt skuleval handlar i all hovudsak om å gi elevar i den norske skulen moglegheit til å sjølv velje kva for skule dei skal gå på. Difor er Unge Høgre for fritt skuleval i heile landet. Det skal ikkje vere postnummeret til foreldra dine eller ein politikar som skal bestemme kor du skal få gå på skule, det er deg sjølv!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags