Vitensenter ny læringsarena for skular og unge

vitesenter

vitesenter

Av
DEL

Meiningar

Sogn og Fjordane har alltid vore eit skulefylke. Kommunar og fylke har skåra høgt på rangeringar, og på trivsel. Det er korte avstandar mellom lærarutdanning og lærarane sin arbeidsgivar, mellom skular og foreldre og samfunnsliv, og naturen er tett på oss. Viktigast av alt er at skuleigarane, kommunar og fylkeskommune, har prioritert skulearbeidet som ein av dei viktigaste investeringa. Difor har skule, lærarar og arbeidet med læring hatt ein høg status i Sogn og Fjordane. Når vi no går inn i Vestland, kan det å ta i bruk nye verkemiddel vera ein måte å oppretthalde status og vidareutvikle kvaliteten på skulane i vårt fylke.

Læring utanfor klasserommet er vist seg å vera mellom dei mest verknadsfulle pedagogiske verktøya ein har. Vitensenter er eit slikt verktøy utanfor skulen som kan vera med å skape engasjement rundt læring av matematikk, naturvitskap og teknologi. Dei besøkande vil lære gjennom bruk av interaktive læringsmetodar og ved å eksperimentere sjølve. Tverrfagleg læring og kreativitet står også høgt på agendaen i eit vitensenter. Vitensenteret skal ha innhald som er tilpassa ulike ferdigheitsnivå og brukargrupper der ein tilpassar innhald til både læreplanar og skulars behov, og i tillegg turistar og næringsliv. Kunnskap og inspirasjon til søken etter fagleg utvikling er alltid i fokus. Eit vitensenter kan også ha utstyr og innhald som kvar einskild kommune eller skule ikkje vil kunne ha ressursar til. Vitensentera representere ei forsterking og supplement til utdanningssystemet og skal også drive «folkeopplysning».

Vitensenteret Sogn og Fjordane AS har fått namnet ViteMeir. Namnet speglar både det ein vil med eit slikt senter og den regionale identiteten. Fylkeskommunen er største eigar og har vedteke igangsetjing av eit bygg der ViteMeir skal dele areal med vidaregåande skule på Kaupanger. Sju kommunar er også med på eigarsida (Flora, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik) saman med blant anna Norge ingeniør og teknologorganisasjon (NITO), næringsforeiningar, Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet (HVL). HVL har i tillegg gått inn med eigne utviklingsmidlar for å bidra til å skape grunnlag for godt innhald no i utviklingsfasen av vitensenteret. Eigarstrukturen er sannsynlegvis den breiaste av alle vitensenter i Norge. Opning vil bli i løpet av skuleåret 2020-2021.

Eit viktig ledd i utviklinga av ViteMeir har vore å skape eit idegrunnlag som senteret skal vera tufta på. ViteMeir sitt idegrunnlag tek utgangspunkt i naturen og samfunnet i vår mangfaldige region. Den overordna profilen er berekraftig utvikling som er vår tids største utfordring. FN sine berekraftsmål peiker i ei retning og også vi må vera med å finne vegen. Kunnskapen tilseier at miljøavtrykket til nordmenn er for stort, og ViteMeir ønskjer difor å bidra med ein læringsarena for solid kunnskap og nye idear rundt berekraftig utvikling og alt det inneber. I dei nye fag- og læreplanane som er under utarbeiding vil berekraftig utvikling vera sentralt. Ressursar, Energi, Idémyldring, Natur og Teknologi (REINT) er dei faglege satsingsfelta som ViteMeir ønskjer å utvikla spesielt. Så langt har lærarar, næringslivsaktørar og andre vore med å utvikla meir enn 50 idéskisser som vi skal bruke som fundament for å skape eit godt innhald på senteret med installasjonar, aktivitetar og tilpassa læringsprogram.

At mange kommunar er med på eigarsida og at fylkeskommunen vil bygga er eit godt utgangspunkt for å skape ein framtidsretta læringsarena utanfor klasseromma til ungar også i vårt fylke (det finst 10 regionale vitensenter i Norge). «Nye» Sogndal kommune har, som vertskommune, gått inn for bruksavtale med ViteMeir, og noverande Sogndal kommune har vedteke fond på kr 3 millionar til innhaldsutvikling. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane (kr 2 millionar) og lokalt næringsliv har også vore på bana. No treng ViteMeir at fleire kommunar frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn inngår bruksavtalar med vitensenteret. Desse avtalane vil legge grunnlaget for at ViteMeir vert ein aktør for heile regionen og er sentralt for å løyse ut statsstønaden som dei andre vitensentera i landet får. Dessutan treng vi eit engasjert næringsliv som vil bidra med ressursar til relevant innhald og satse på vitensenteret som ein arena.

Vi som er med å utvikle Vitensenteret ViteMeir jobbar med å skape godt fagleg innhald, men også gode løysingar til beste for brukarar i vårt fylke. Dette inneber m.a. at vi ønskjer å sikre at reisa til og frå vitensenteret ikkje skal bli eit økonomisk eller tidsmessig hinder, m.a. gjennom å utvikla gode ordningar der reisa også vert ein del av opplevinga. ViteMeir på tur er eit konsept som vil bli utvikla slik at skular med lengre reiseveg også kan få tilpassa læringsopplegg på sin eigen skule. Vi oppmodar interesserte om å sjekke ut idegrunnlaget for ViteMeir (vitemeir.no) for meir om idéane så langt. Vi ønskjer fleire partnarar som kan bidra med ressursar og tankekraft for å skape framtidas læringsarena for unge. ViteMeir har som mål om å bidra til å vidareutvikla den gode kvaliteten på skular i vårt fylke.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags