For få PC-ar til elevane i Sunnfjord kommune?

URO: Det er stor grunn til å bekymre seg for korleis ein skal få ned skjermtida, slik at barn og unge kan leike og øve på grunnleggande motorisk ferdigheit. Dessutan er det ei stor utfordring å motivere dei til å lese lengre, samanhengande tekstar på papir, skriv artikkelforfattaren

URO: Det er stor grunn til å bekymre seg for korleis ein skal få ned skjermtida, slik at barn og unge kan leike og øve på grunnleggande motorisk ferdigheit. Dessutan er det ei stor utfordring å motivere dei til å lese lengre, samanhengande tekstar på papir, skriv artikkelforfattaren Foto:

Av
DEL

LesarbrevResultata frå PISA-undersøkingane frå 2018 avdekker at elevane våre ligg nede på 14.-plass i lesing og matematikk, og på 22.-plass i naturfag (Udir). På lesing og i naturfag scorar vi lægre enn på førre undersøking i 2015.

Det er gutane som slit mest med lesing, og kvar fjerde gut ligg under kritisk grense. Dette kan få negative følger for vidare utdanning og for å kunne delta i arbeidslivet.

Vi veit for lite om det er ein samanheng mellom skjermbruk og leseferdigheiter, seier forskar ved Lesesenteret, Kjersti Lundetræ. Men det er ein realitet at barn les mindre enn før, og dei les mindre lange tekstar. Kunnskapsminister Sanner vil ha meir forsking på korleis skjermbruk verkar inn på leseferdigheiter.

Stavanger kommune har vedteke at dei ikkje skal kjøpe inn skjermar til elevane på småskuletrinnet. Vi veit også at Steinerskulen ikkje brukar digitale hjelpemiddel før dei kjem på ungdomstrinnet, og dei presterer godt både i vidaregåande og på seinare studium.

Tor W. Andreassen, professor i innovasjon ved NHH, seier i A-magasinet tidlegare i haust, at elevane ikkje lærer meir av nettbrett i skulen. Skadeverknadane er større enn gevinstane, seier han. Og han grunngjev dette med at gründerane S. Jobs og B. Gates i lita grad let sine barn bruke PC, nettbrett, mobiltelefon og internett, nettopp fordi dei forstod dei tydelege skadeverknadane – som vi ikkje forstår. Også digitalminister Astrup går ut og seier at han skjermar sine eigne barn mot skjerm.

Foreldre kjøper PC og nettbrett til barna sine fordi skulen og politikarar oppfordrar dei til det. IKT-bransjen legg eit stort kjøpepress både på skule og foreldre, og hevdar at ein heile tida at ein må følge med i utviklinga. Foreldre blir då sjølvsagt engstelege for at deira barn skal bli liggande etter dei andre.

Når vi bruker skjermteknologi, «hardkoder» vi vanar, som gjer til at vi grip til mobilen når vi har ei ledig stund, utan å reflektere over det. Det går på autopilot. Hjernen får aldri kvile frå dette mediet, og vi blir rastlause og sosialt isolerte. T.d. så ser vi meir og meir elevar sitte i grupper på skulen, stirande på kvar sin skjerm, utan å prate med kvarandre.

Ved innføringa av reforma «Kunnskapsløftet» i skulen i 2006, blei «digital kompetanse» innført som ein grunnleggande ferdigheit ved sidan av å lese, skrive, rekne og uttrykke seg munnleg. Dei sistnemnde er grunnleggande ferdigheiter, men digital kompetanse er det ikkje. Den digitale kompetansen som ein hadde bruk for den gangen reforma blei innført, er på steinaldernivå samanlikna med i dag. No treng vi heilt anna kompetanse.

Derimot er dei fire rekneartane, og det å lese, skrive og uttrykke seg munnleg akkurat dei same utfordringane som dei var i 2006. Digital kompetanse er sjølvsagt viktig, men altså ingen grunnleggande ferdigheit. Det vil alltid vere behov for å endre og utvikle denne vidare.

Derimot er «motorisk kompetanse» ein grunnleggande ferdigheit. Som kroppsøvingslærar i vidaregåande skule i over 30 år, så har eg etterlyst «motorisk ferdigheit» som grunnleggande ferdigheit, både i høve til læring og i høve til eit helsemessige perspektiv.
Å lære å styre rørsler og kontrollere kropp og lemmar er akkurat den same kompetansen som den alltid har vore. Men dette har blitt sterkt forsømt både i skulen og privat i vår overdigitaliserte tid.

Mange av oss har vel «kjempa kampen» mot skjermane i heimen. Barna våre brukar mykje tid framfor desse, i staden for å vere ute og leike og trene motoriske og sosiale ferdigheiter i lag med andre barn, slik vi gjorde før!

Hjernen vår er i stor grad blitt oversett i høve til dette, seier Ole Petter Hjelle, fastlege og hjerneforskar, m.a. – også kjent for å starte treningsgrupper med sine pasientar. Forskinga hans syner nemleg at det er samanheng mellom kroppsleg rørsle og utvikling av hjernen vår, og sørger for at nye hjerneceller blir danna.

Han seier at vi kan trene oss smartare og lykkelegare, med puls, altså med ein viss intensitet. Du skal altså vere så aktiv at blodgjennomstrøyminga til hjernen aukar, utan at det blir for slitsamt. Det å trene ute, med mange stimulerande synsinntrykk, er det som har best effekt på hjernen vår, og held den i «form». Di meir ein trener, di større helsegevinst.

Forsking ved NTNU i Trondheim syner også at elevane lærer meir av å skrive for hand. Dette gjer til at dei hugsar betre. Forskarane undersøkte hjerneaktiviteten på studentar, og det synte seg at ved teikning og handskriving blei eit større nettverk i hjernen aktivisert enn ved tasting, som er eit mykje enklare rørslemønster. Handskriving opnar for betre sansemotorisk læring, og elevane får fleire «knaggar» å henge kunnskapen på. Handskriving og skriving på PC må utfylle kvarandre, og lengre tekstar skriv vi med tastatur.

Sjølvsagt skal vi ha digitale hjelpemiddel i skulen. Men – vi må bruke dei med vit, og ha ein balanse mellom det digitale og det analoge. Å skrive på tavle, og bruke penn og papir er veldig viktig, og det er ikkje gammaldags. Skjermar er eit godt supplement i læringsarbeidet. Godt dokumentert i nyare forsking så meiner eg at ein balanse mellom begge er det beste i ein god pedagogisk praksis.

Politikarar er bekymra når det ikkje blir sett av «nok» pengar til IKT i skulen. Det har kome framlegg om å auke ressursane til IKT-satsing i skulen. Med bakgrunn i dei faglege argumenta eg har nemnt over, er det ingen grunn til å bekymre seg for at elevane i den nye Sunnfjord kommune ikkje har ein PC kvar.

Derimot er det stor grunn til å bekymre seg for korleis ein skal få ned skjermtida, slik at barn og unge kan leike og øve på grunnleggande motorisk ferdigheit. Dessutan er det ei stor utfordring å motivere dei til å lese lengre, samanhengande tekstar på papir.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags